Tavdaelva
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Tavda | ||
| Utspring | Samløpet mellom Lozva og Sosva | |
| - Høgd | 56 moh | |
| Munning | Tobol | |
| - Høgd | 38 moh | |
| Land i nedslagsfelt | ||
| Lengd | 719 km | |
| Middelvassføring | 440 m³/s | |
| Nedslagsfelt | 88 100 km² | |
Tavdaelva (russisk Тавда) er ei elv i Sverdlovsk og Tjumen oblast i Russland og ei av sideelvane til Tobol frå venstre. Elva er 719 km lang og har eit nedslagsfelt på 88 100 km².
Elva oppstår ved samløpet av elvene Lozva og Sosva. Elva har ei middelvassføring på 440 m³/s, ved Tavda, 237 km frå munnigen (minimum i mars med 65 m³/s, maksimum i juni med 1200 m³/s). I det nedre løpet er elva rundt 270 m bred, 4 m djup og med ein straum på 0,4 m/s.
Tavda frys til tidleg i november og er isdekt til slutten av april. Den største sideelva hennar er Pelym (russisk: Пелым). Tavda er farbar for båter, og vert nytta til tømmerfløyting.
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Tavda (elv)» frå Wikipedia på bokmål, den 1. november 2008.