Tavolara

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tavolara
øy
Land  Italia
Del av Q15850188
Areal km²
Folketal 20
Kart
Tavolara
40°54′22″N 9°42′48″E / 40.9062°N 9.7133°E / 40.9062; 9.7133
Wikimedia Commons: Tavolara
Tavolara

Tavolara er ei lita øy nordaust for Sardinia i Italia og var ein gong det minste kongedømet i verda. Øya er eit kalksteinsmassiv som er 5 km lang og 1 km brei med bratte klipper på alle kantar. Det høgaste punktet er 565 meter over havet. I dag bur det berre eit par familiar på øya, som har ein liten gravplass og ein restaurant som er open på sommaren. Området rundt øya er populært for dykking.

Den næraste store byen er Olbia, og den litle fiskelandsbyen Porto San Paolo ligg på andre sida av eit lite sund. Øyane Molara og Molarotto ligg i nærleiken.

Dei fleste innbyggjarane på øya vart flytta i 1962 då ein radiopeilestasjon frå NATO vart bygd på austsida av øya. Antenna til stasjonen kan ein sjå på lang avstand og heile den austlege halvdelen av øya er militært område.

Tavolara sett frå sør

Historie[endre | endre wikiteksten]

I antikken vart øya kalla Hermea. I følgje segna døydde pave Pontian på Tavolara etter han abdiserte og reiste i eksil i 235. Ho er truleg den same øya som vart kalla Tolar, som vart nytta av arabiske skip i 848-849 som ein base for åtak på nærliggande byar.[1]

Tavolara var ein gong det minste kongedømet på jorda, men er i dag ein del av Italia, sjølv om det aldri formelt vart annektert.

I 1836 vitja kong Karl Albert av Sardinia øya og godkjende Giuseppe Bertoleoni som ein sjølvstendig eineveldig monark.[2] Då han døydde i 1840-åra vart den eldste sonen hans Kong Paolo I.

Tavolara vart ikkje inkludert i samlinga av Italia og kong Paolo søkte aktivt og fekk godkjenning av Italia som eigen stat. Under regjeringstida hans byrja dei italienske styresmaktene å operere eit fyr i 1868 på nordaustsida av øya.[3] Tavolara sin suverenitet vart stadfesta på ny i 1903, då Victor Emmanuel III av Italia signerte ein venskapsavtale med nasjonen.[4]

Tavolara, den kongelege grava

.

Etter Paolo døydde i 1886[5] og etter hans eige ønske, vart øya ein republikk med ein president og ei rådsforsamling med seks medlemmar som vart vald ut kvart sjette år av folket, både menn og kvinner.[6] Han vart dermed den første nasjonen i verda som innførte alminneleg stemmerett. Det tredje presidenten vart vald i 1896.[7][8]

Monarkiet vart gjeninnsett i 1899. Sidan den gong har alle kongane på øya kome frå Bertoleoni-familien, anerkjend som herskarane av Tavolara av kongane av Sardinia. Dokument frå 1767 stadfestar at Tavolara aldri hadde vore ein del av Kongedømet Sardinia.

Den tredje kongen av Tavolara var Carlo I, som vart etterfølgt av son sin kong Paolo II då han døydde i 1928.[9] Paolo reiste utanlands og lét Carlo si syster, Mariangela, styre nasjonen då han var borte. Dronning Mariangela døydde i 1934 og overlét kongedøme til Italia.[10]

Nevøen hennar Paolo II kravde derimot framleis kongedømet og styrte over det fram til han døydde i 1962. Dette året vart det oppretta ein NATO-stasjon på øya og dette sette ein effektiv stoppar på Tavolara sin suverenitet.

Tavolara sett frå Sardinia

Den noverande kong Tonino av Tavolara er den italienske borgaren Tonino Bertoleoni, som driv restauranten «Da Tonino» på øya.

Den kongelege grava til Kong Paolo I ligg på gravplassen på øya, med ei krone på toppen. På 1700-talet hevda sardiske segner at geitene på Tavolara hadde gulltenner.[11] Geiteflokkane vart flytta til Sardinia då NATO-stasjonen vart bygd og det finst ikkje geiter på øya lenger.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Ferrero della Marmora, Alberto (1860), Itinéraire de l'ile de Sardaigne pour faire suite au Voyage en cette contrée, s 190-193
  2. Wallechinsky, David og Amy Wallace (2005), The New Book of Lists, s 383-384, ISBN 1-84195-719-4
  3. "Notice to Mariners," London Gazette, 28. aug, 1868, s 4734
  4. "Tiny Republic Signs Treaty," Atlanta Constitution, 22. nov, 1903, s 10
  5. "E morto il Re!" La Sardegna, 8. juni, 1886, s 1
  6. "Smallest State in the World," New York Times, 19. juni, 1896, s 6
  7. "Tiny Nation to Vote: Smallest Republic in the World to Hold a Presidential Election," Lowell Daily Sun, 17. sep., 1896
  8. "Nation of 55 People: Republic of Tavolara in Its Third Presidential Campaign" Boston Globe, 10. jan, 1897, s 34
  9. "Tavolara's King Dies; Ruled Tiniest Realm; Charles Bartoleoni Was Monarch of Small Island Off Sardinia's Coast," New York Times, 1. feb., 1928, s 27
  10. "Italy Gets Queen's Island of Tavolara," Hartford Courant, 9. juli, 1934, s 15
  11. McGrigor, Charles Rhoderick (1866), Garibaldi at Home: Notes of a Visit to Caprera, s 49-51

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Reiseguide for Tavolara frå Wikivoyage