Tazama

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tazama-tankanlegget i Ndola

The Tanzania Zambia Pipeline Ltd (Tazama) er ein oljerøyrleidning som transporterer råolje mellom Dar-es-Salaam hamn i Tanzania og og oljeraffineriet Indeni i Ndola i Zambia.

Oversyn[endre | endre wikiteksten]

Tazama er ein 1 710 km lang oljerøyrleidning som vart teken i bruk i 1968. Han er utforma for å kunna transportera så mykje som 1,1 millionar tonn råolje per år, men i gjennomsnitt transporterer ein berre 600 000 tonn. Leidningen består av ei blanding mellom 8 og 12 tommars (20 til 30 cm i diameter) røyrleidning. For å pumpa olja frå havet og opp til Ndola, som ligg om lag 1 300 moh., trongst det 7 pumpestasjoner. 5 av pumpeanleggea ligg i Tanzania og 2 i Zambia. Anlegget vart i si tid bygd av det italienske oljeselskapet Snamprogetti og finansiert hovudsakleg av den italienske staten.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]