Te Ara Encyclopedia of New Zealand

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Te Ara Encyclopedia of New Zealand
Te Ara - The Pathway
Type: Nettbasert encyklopedi
Format:
Språk: engelsk og Māori
Målform:
Lokalavis for
Regionavis for
Eigarskap: Kulturdepartementet på New Zealand (Ministry for Culture and Heritage / Te Manatū Taonga)
Første trykk:
Opphald i produksjonen:
Siste trykk:
Opplag:
Politisk posisjon:
Redaksjonskontor:  New Zealand WellingtonNew Zealand
Ansvarleg redaktør: Jock Phillips
Politisk redaktør:
Nyhenderedaktør:
Kulturredaktør:
Feature-/magasinredaktør:
Produksjonsredaktør:
Debattredaktør:
Administrasjonsredaktør:
Utanriksredaktør:
ISSN:
Pris i laussal:
Nettstad: Te Ara


Te Ara – The Encyclopedia of New Zealand er ein nettbasert encyklopedi som vert drifta av det newzealandske kulturdepartementet Ministry for Culture and Heritage. Prosjektet vart oppretta i 2002 og nettportalen opna i 2005. Te Ara er eit langtidsprosjekt, men mykje stoff er alt på plass.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Oppslagsverket er redigert av historikaren Jock Phillips, og har ein stab med forfattarar, redaktørar, bilet- og kjeldegranskarar og designarar. Det er organisert i tema, og dei første av desse, Māori New Zealenders og New Zealand Peoples (Folk på New Zealand), hadde fokus på å fortelja soga om newzealendarane, om tilflyttinga av menneske til New Zealand, og historiene om busetjinga deira, – både om māorifolket som var dei første innvandrarane på New Zealand, og om andre seinare immigrantgrupper.

Ein oversiktsdel, New Zealand in Brief (Kort om New Zealand), presenterer kortfatta faktainformasjon om landet.

I 2006 vart ei andre temagruppe med tittelen Earth, Sea and Sky (Jord, hav og himmel) lansert. Denne dekkjer fiskeslag i havet, sjøfuglar og anna marint liv, samhandling mellom menneske og havet, landet sine naturressursar og landformande krefter, som geologi, vulkanologi, vêr og klima. Hovudfokus på innhaldet ligg på typisk newzealandske emne, og vitskaplege og tekniske data vert framlagde i ein menneskeleg samanheng.

Det tredje temaet i Te Ara, The Bush, vart presentert seint i 2007. Det handlar om dei opphavlege landskapa på New Zealand, skogar, plantar og dyr, og måtane folk har nytta seg av dei eller freista å forstå dei. The Bush omfattar meir enn 100 oppføringar, og dekkjer emne som til dømes tidleg kartlegging, fotturar, skogar av nåle- og lauvtre, vette i hav, innsjøar og elvar (taniwha), māorisk utforsking, trua artar, hogst av naturlege skogar, moa, kiwi og mykje anna.

I 2008 kom temaet The Settled Landscape (Det bygde landet) med eit vidt fokus på landbruk og livet på bygdene.

Vidare fram til om kring 2013 er det planlagt å få inn desse emna:

  • Economy and the Cityøkonomi, forretningsdrift og byliv.
  • Social Connections – sosiale grupperingar, familiar og samfunn.
  • Nation – styrings- og administrasjonssystem og symbol på nasjonal identitet.
  • Daily Life – skikkar og vanar, fritidsaktivitetar, haldningar og tru som gjer New Zealand unikt.
  • Creativity – kunst, kultur, oppfinningar og innovasjon[1].

Geografisk informasjon vert lagt til kontinuerleg, og dekkjer så langt (mars 2010) Auckland, Bay of Plenty, Canterbury, Manawatū og Horowhenua, Northland, South Canterbury, Vulkanplatået, Wairarapa og Wellington.

Innlegg av emne som mest tek føre seg māoriar, vert lagde fram på både māori og engelsk.

Den tidlegare offisielle newzealandske encyklopedien var An Encyclopaedia of New Zealand, som først vart utgjeven i 1966 og redigert av A.H. McLintock. Ein digitalisert og litt omarbeida versjon av dette verket dannar no ein del av vevsidene til Te Ara. Til skilnad frå den tidlegare kommersielle The Cyclopedia of New Zealand, inneheld korkje Te Ara eller An Encyclopaedia of New Zealand kommersielt stoff.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]