Te Deum av Charpentier
| Te Deum H. 146 Koral av Marc-Antoine Charpentier |
||
| Sjanger | Kormusikk | |
|---|---|---|
| Periode | Barokken | |
| Typisk lengd | 22:31 | |
| Satsar | 10 | |
Te Deum (H. 146) i D-dur er ein storslått polyfon motett av Marc-Antoine Charpentier mellom 1688 og 1698, medan han var musikalsk direktør i jesuitt-kyrkja Saint-Louis i Paris.[1] Verket er skriven for ei gruppe solistar, kor og instrumentalt akkompagnement.
Charpentier skreiv seks Te Deum-settingar, men berre fire av dei finst i dag.[1] Ein trur at komposisjonen har vorte framført for å markere sigersfeiringa etter slaget ved Steinkirk i august 1692. Preludiet til verket er særs kjend i Europa, sidan det vert nytta som kjenningsmelodi i sendingane til Den europeiske kringkastingsunionen. Temaet er òg nytta som introduksjon til The Olympiad-filmane til Bud Greenspan.
Innhaldsliste |
Struktur [endre]
Komposisjonane består av ti satsar:
- Prélude
- Te Deum laudamus
- Te aeternum Patrem
- Pleni sunt coeli et terra
- Te per orbem terrarum
- Tu devicto mortis aculeo
- Te ergo quaesumus
- Aeterna fac sum Sanctis tuis
- Dignare, Domine
- In te, Domine, speravi
Charpentier såg på D-dur som «lystig og særs krigsliknande».[1] Den instrumentale introduksjonen, komponert i rondo-form, kjem før det første verset, leia av bassolistar. Koret og andre solistar kjem gradvis inn.
Instrumentering [endre]
Verket er instrumentert for åtte solistar og kor med ein fiolin, to bratsjar, violon, fløyte, obo og fagott. Generalbassen vert spelt på orgel, men gambe vert stundom nytta òg.[1]
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Te Deum (Charpentier)» frå Wikipedia på engelsk, den 1. mai 2010.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff [endre]
- Te Deum: Fritt tilgjengelege notar på International Music Score Library Project.
- Fritt tilgjengelege notar for Te Deum i Choral Public Domain Library (ChoralWiki)