Teach Your Children

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Teach Your Children
Singel av Crosby, Stills, Nash & Young
frå albumet Déjà Vu
B-side «Carry On»
Utgjeve mai 1970
Innspelt 1969
Sjanger Countryrock
Lengd 2:53
Selskap Atlantic Records
Låtskrivar(ar) Graham Nash
Produsent Crosby, Stills, Nash & Young
Crosby, Stills, Nash & Young-kronologi
«Woodstock»
(1970)
Teach Your Children «Ohio»
(1970)

«Teach Your Children» er ein song skriven av Graham Nash. Sjølv om han vart skriven då Nash var medlem av The Hollies, vart han aldri innspelt av bandet og kom først ut på albumet Déjà Vu av Crosby, Stills, Nash & Young i 1970. Jerry Garcia spelar pedalsteelgitar på innspelinga. Songen vart gjeven ut som singel og denne nådde 16. plass på den amerikanske singellista same året.[1]

Nash, som òg er fotograf og fotografisamlar, har sagt i eit intervju at inspirasjonen for songen kom frå eit kjend fotografi av Diane Arbus kalla «Child with Toy Hand Grenade in Central Park». Biletet syner eit born med eit sint andletsuttrykk som held eit leikevåpen, noko som fekk Nash til å tenke over meldingane samfunnet sender til born om kring og andre saker.[2]

I 1994 song Crosby, Stills & Nash gjestevokal på songen for countryartistane Suzy Bogguss, Alison Krauss og Kathy Mattea, tilskriven på innspelinga som The Red Hots. Denne versjonen finst på albumet Red Hot + Country, som var til stønad for AIDS. Denne utgåva nådde 75. plass på countrylista i USA i oktober 1994.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Déjà Vu: Billboard Singles». Allmusic. http://www.allmusic.com/album/dj-vu-r34338. Henta 24. oktober 2010. 
  2. Interview with Bob Edwards, "Bob Edwards Weekend," broadcast on NPR februar 14, 2009
  3. Whitburn, Joel (2008). Hot Country Songs 1944 to 2008. Record Research, Inc. s. 342. ISBN 0-89820-177-2.