Teaterverkstedet Ganddal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Teaterverkstedet Ganddal er ein organisasjon som består av teater, kor og dansegrupper. Teaterverkstedet Ganddal starta opp hausten 2000 i Ganddal bydel som ligg i Sandnes. Den gong var det berre som eit barne og -ungdomsteater. Namnet Teaterverkstedet Ganddal plar ofte å bli forkorta til TVG.

Teaterverkstedet Ganddal[endre | endre wikiteksten]

Barne og-ungdomsteateret[endre | endre wikiteksten]

Dette er grunnstøtta til TVG når det blei starta hausten 2000. I dag er det 19 medlemmer frå 6 til 18 år som står på scenen. Forestillingene tek plass på Ganddal bydelshus ein gong i året første helga i februar. Arbeidet med stykket blir allereie påbegynt før sommarferien, men startar ikkje for fullt før hausten. Ein instruktør blir alltid innleidd til hjelp for at stykket skal bli rimeleg bra sett opp. I tillegg pla ein å leie inn danseinstruktørar frå Lundehaugen vidaregåande skule. Teateret bruker eit eige band som sit på scenen som består av gitar, bass, trommer og keyboard. Normalt pleier det vere tre forstillingar, men det hender det blir spelt ekstraførestillingar. Dette kan ha fleire grunner, ekstraførestillingar kan førekomme på grunn av festivalar, at dei blir innleidd til arrangement, eller for at dei tre "normalt" oppsette forstillingane er utselt.

Revygruppa[endre | endre wikiteksten]

Dette er teaterverkstedets eige "seniorteater". Dei kallar seg sjølv "KAOS - Kreativ, Arrangement og Show". Dei starta opp våren 2006. Dei består av ti skodespelar frå 40 år og oppover. Som band her har dei Broken China. Her blir det spelt litt meir på "vaksne" ting i stykka. Revygruppa lager berre stykkar basert på humor. Forstillingane blir spelte same plass som barne og-ungdomsteateret, men i steda i midten av november. Det blir normalt spelt tre forstillingar, men som barne og -ungdomsteateret kjem det gjerne ekstraforestillingar.

Skavank[endre | endre wikiteksten]

Hausten 2009 starta dei eldste ungdommane i TVG ei eiga gruppe som dei sjølv valde å gje namnet Skavank. 9. april 2010 utførte dei si fyrste forestilling som dei kalla Skavank Søker Jobb. Deretter spela dei og Revygryppa forestillingar annankvar haust.

Barne og-ungdomskoret[endre | endre wikiteksten]

Koret starta opp som eit reint barne og -ungdomskor i 2004, men blei splitta i 2005 på grunn av stor pågang og for stor aldersforskjell. Derfor blei det til at barnekoret og ungdomskoret blei to kor. Barnekoret er frå første til fjerde klasse, mens ungdomskoret er frå femte klasse og oppover. Kora har opprådt ved høve som julegrantenning på Ganddal til CCC - Children Color Culture som var ein del av Stavanger 2008 i Sandnes.

Kafé Biå[endre | endre wikiteksten]

Hausten 2007 starta TVG ein kafé kjent som Kafé Biå. Dette er ein egen kafé for utviklingshemma. Dette blir avholet på Ganddal bydelshus annankvar måndag. Ideen kom av ein liknande kafé på Bryne med namnet Kafé Humlå. Med eit ønske frå Sandnes kommune om å utvide kafétilbudet blei det også starta ein på Ganddal.

Dansegruppa[endre | endre wikiteksten]

Starta opp hausten 2008 og er rimeleg nytt i Ganddal bydel.

Prosjekt[endre | endre wikiteksten]

I 2006 arrangerte Teaterverkstedet Ganddal i samarbeid med Rogaland Amatørteater (RAT) ein teaterfestival der det deltok 13 teater frå rundt omkring i heile Noreg. Festivalen blei heldt på Sandnes kulturhus pinsehelgen og Per Inge Torkelsen var konferansier.

I 2008 arrangerte Teaterverkstedet Ganddal igjen ein teaterfestival på Sandnes kulturhus i pinsehelgen. Det var over 200 skodespelarar frå Sauda, Haugesund, Stavanger og Sandnes. Tom Stangeland var konferansier. Teater som deltok:

  • Teaterverkstedet Ganddal
  • Teateret mitt Sunde/Kvernevik
  • Lura Komiteater
  • Lura Ungdomsteater
  • Haugesund barne og ungdomsteater
  • Spillopperiet
  • Sauda Barneteater
  • Teaterverkstedets Barnekor
  • Teaterverkstedets Ungdomskor

I 2014 arrangerte Teaterverkstedet Ganddal sin tredje teaterfestival, denne gong på KinoKino Sandnes.

ME!® Entertainment[endre | endre wikiteksten]

ME! ® Entertainment var TVGs eige filmteam. Hovudoppgåva til teamet var å lage backstagefilm om kva som skjer bak scenen gjennom året. Teamet bestod av Marius Hegre og Erlend Birkeland(ME). Det har til no blitt utgitt to filmar, ein i 2007 og ein i 2008.

Backstage på ein måde[endre | endre wikiteksten]

Filmen blei spelt inn i perioden november 2006 til februar 2007 og hadde råmateriale på over tre timar. Råmateriala blei kortet ned til ein film på 23 minuttar og 48 sekunder. Filmen viser den kva som skjer bak scenen.

Backstage for livet[endre | endre wikiteksten]

Filmen blei spilt inn i perioden august 2007 til februar 2008 og hadde råmateriale på over fem timer men blei korta ned til ein film på nesten ein og halv time. Filmen omfattar kor hektisk og krevjande det er å vere skodespelar og i tillegg skrive alle tekstar og songar sjølv heilt frå botn av. Den viser i også arbeid som blir jobba med heilt frå bunden av til det blir framført på scenen. Som bonusmateriell inneheld den trailer for filmen og ein liten ekstra filmsnutt som aldri blei vist på premieren.

Årsoversikt[endre | endre wikiteksten]

Barne og-ungdomsteateret[endre | endre wikiteksten]

Årstal Forstilling Instruktør
2001 Askeladden og de gode hjelperne Torill Lund
2002 Et skoleliv Torill Lund
2003 Jorden rundt på 8 takter Torill Lund
2004 Disney for løye Espen Hana
2005 Krutlehagen Boretslag Espen Hana
2006 Hotell Lattergal Sigrun Eriksen
2007 Zapp på ein måde Per Inge Torkelsen
2008 Pengane eller livet Per Inge Torkelsen
2009 HeiltSykt.no Christian Eriksen
2010 Sceneskrekk Christian Eriksen
2011 Bak lås og slå Christian Eriksen
2012 Heilt Knekt Per Inge Torkelsen
2013 Ville vesten, nesten Fredrik Brimsø
2014 Lakenskrekk Kevin Lunde
2015 Kiwi på kanten Elisabeth R. Fjermestad

Revygruppa

Årstal Forstilling Instruktør
2006 Ein rød tråd Torill Lund
2007 Det e'kje bare baren Torill Lund
2008 Riv Ruskende Gale Cato Skimten Storengen
2009 Fritt Vilt 13 Cato Skimten Storengen
2011 Bokhandleren i ka bula då? Christian Eriksen og Per Inge Torkelsen
2013 Tikken - alle får stå Sigrun Eriksen

Skavank[endre | endre wikiteksten]

Årstall Forestilling Instruktør
2010 Skavank søker jobb Thorbjørn Eriksen
2013 Skavank søker gjennværende passasjerer Fredrik Brimsø
2014 Krigen 2 Per Inge Torkelsen
2016 Et Heilt Middels Show

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]