Technetium

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
43 MolybdenTechnetiumRuthenium
Mn

Tc

Re
Technetium i periodesystemet
Generelle eigenskapar
Namn, kjemisk symbol,
atomnummer
Technetium, Tc, 43
Kjemisk serie Transisjonsmetall
Gruppe, periode, blokk 7, 5, d
Tettleik, hardleik 11500 kg/m3, (?) (ikkje SI)
Utsjånad Sølvgrått metallisk
Technetium
Atomeigenskapar
Atommasse [98,91] u (ikkje SI)
Atomradius (berekna) 135 (183) pm
Kovalent radius 156 pm
Ioneradius 56 pm (ladning: +7)
van der Waals radius (?) pm
Elektronkonfigurasjon [Kr]4d^5 5s^2
Elektron per energinivå 2, 18, 18, 13, 2
Oksidasjonstrinn (oksid) +2, +4, +5, +6, +7
(sterk syre)
Krystallstruktur Heksagonal
Fysiske eigenskapar
Tilstandsform Fast stoff
Smeltepunkt 2430 K (2157°C)
Kokepunkt 4538 K (4265°C)
Molart volum 8,63 cm3/mol
Fordampingsvarme 577 kJ/mol
Smeltevarme 23 kJ/mol
Damptrykk 1 Pa ved 2727 K
Ljodfart (?) m/s ved °C
Diverse eigenskapar
Elektronegativitet 1,9 (Paulings skala)
Spesifikk varmekapasitet 250 J/(kg·K)
Elektrisk konduktivitet 6,7 MS/m
Termisk konduktivitet 50,6 W/(m·K)
Ioniseringspotensial 708 kJ/mol
1478 kJ/mol
2856 kJ/mol
Mest stabile isotopar
Iso-
top
Naturleg
førekomst
Halverings-
tid
 (ikkje SI)
NM NE MeV
(ikkje SI)
NP
95mTc (kunstig) 61 døgn ε
IK
(?)
0,0389; e
95Mo
95Tc
96Tc (kunstig) 4,3 døgn ε (?) 96Mo
97Tc (kunstig) 2,6 mill. år ε 0,320 97Mo
97mTc (kunstig) 90 døgn IK 0,965; e 97Tc
98Tc (kunstig) 4,2 mill. år β 1,796 98Ru
99Tc (spor) 211 100 år β 0,294 99Ru
99mTc (spor) 6,01 timar IK
γ
0,142; 0,002
0,140
99Tc
SI-einingar og STP er brukt unntatt der det er avmerka

Technetium (gr. technetos, kunstig) er eit radioaktivt grunnstoff med kjemisk symbol Tc og atomnummer 43, og høyrer til transisjonsmetalla i gruppe 7. Alle isotopane av technetium er radioaktive og har forholdsvis korte halveringstider, så det finst berre i ørsmå mengder i naturen. Det førekjem saman med molybden (Mo) som eit nedbrytningsprodukt av uran (U) i malm som inneheld dette grunnstoffet.

Medisinsk bruk[endre | endre wikiteksten]

Den meta-stabile isotopen 99mTc (t1/2 = 6,01 timar), som er eit nedbrytningsprodukt av 99Mo (t1/2 = 66 timar), blir omdanna til den kvasi-stabile isotopen 99Tc (t1/2 = 211 100 år) ved utsending av ein energikvant, eit enkelt foton med ein energi på 140 keV.

Technetium-99m eignar seg godt for medisinsk bildediagnostikk grunna både halveringstida, foton-energien og evna til å bindast til mange typar naturlege og kunstige biokjemiske beremolekyl. Denne isotopen er mykje brukt i det ein kallar SPECT (Single Photon Emission Computed Tomography) for avbilding av ulike organ alt etter kva for beremolekyl som er brukt.

Technetium-99m til bruk på sjukehus vert framstilt i såkalla technetiumgeneratorar. Desse inneheld molybden som er utvunne frå uran-malm, og gjennom levetida for generatoren produserer han klart definerte mengder av 99mTc som kan tappast ved hjelp av sterilt saltvatn. Molybden er ikkje vassløyseleg, medan pertechnetat-ionet TcO4 er godt løyseleg.

Vatn med pertechnetat blir brukt til radiomerking av bestemte molekyl som er levert frå ulike legemiddelprodusentar. Molekyla vert så sprøyta inn i blodet og held seg anten innanfor blodårene og kan brukast til avbildning av desse, eller dei følgjer blodet til visse organ der dei samlar seg opp og kan brukast til avbildning av organa.

Under SPECT ligg pasienten i eit såkalla gammakamera. Det kan ligna ein røntgen- eller MR-maskin, men i staden for å senda stråling gjennom pasienten og ta bilete på andre sida, fangar det opp strålinga frå technetiumet inni kroppen og dannar eit bilete av kvar strålinga kjem frå.

Teknisk bruk[endre | endre wikiteksten]

I form av dei kvasi-stabile isotopane (97Tc, 98Tc, 99Tc) er technetium eit svært effekt middel mot korrosjon av stål.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]