Tefra

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Tefra er stoff frå eit vulkanutbrot som fell frå lufta uansett kva det består av eller kor store fragmenta er.[1] Tefra består typisk av rhyolitt, sidan dei fleste eksplosive vulkanar består av meir viskøs felsisk eller høgsilisisk magma.

Vulkanologar kallar òg fragment som er kasta opp i lufta frå vulkanar pyroklastar eller stundom berre klastar. Når klastar har falle til bakken vert dei verande tefra med mindre dei smeltar saman til pyroklastisk stein eller tuff. Etter eit utbrot hamner dei største tefrabitane nær vulkanen sidan dei fell til bakken først, medan mindre fragmentar kan fare tusenvis av kilometer avgarde og til og med rundt heile jorda sidan dei kan halde seg i stratosfæren i vekevis. Når store mengder tefra samlar seg i atmosfæren etter eit massivt vulkanutbrot (eller frå fleire mindre utbrot samstundes) kan dei reflektere lys og varme frå sola tilbake til verdsrommet og stundom føre til global nedkjøling. Tefra blanda med nedbør kan òg vere sur og skape sur nedbør.

Tefra vert plassert i tre grupper etter kva storleik dei har:

Orda tefra og pyroklast kjem begge frå gresk. Tefra tyder «oske», pyro tyder «brann» og klastos tyder «broten», så pyroklast tyder då «broten av brann».

Bruken av tefralag, som har sin eigen unike kjemiske samansetting og karakter, i arkeologi og geologi vert kalla tefrokronologi.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Dette er den vide definisjonen av tefra (gresk tephra, «oske») gjeve av den islandske vulkanologen Sigurdur Thorarinsson i 1954 i samband med utbrotet til Hekla (Thorarinsson, "The eruption of Hekla, 1947-48II, 3, The tephra-fall from Hekla, March 29th, 1947", Visindafélag ĺslendinga (1954:1-3).

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]