Tegan and Sara

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Tegan og Sara

Tegan Rain Quin og Sara Kiersten Quin (fødd 19. september 1980 i Calgary) er eit canadisk tvillingpar som syng i bandet Tegan and Sara. Dei fekk sitt gjennombrot då dei vann konkuransen Garage Warz i Calgary i 1998. Begge både skriv og syng sine eigne songar. Dei har mellom anna turnert med fleire kjende artistar, til dømes Neil Young, Ryan Adams, Ben Folds, Rufus Wainwright, The Pretenders, The Killers, Lilith Fair, Hot Hot Heat, Weezer, Little Birdy og Tiësto.

Tegan bur i Vancouver i Britisk Columbia, medan Sara bur i Montreal i Quebec. Begge to er lesbiske. Dei opptredde i ein episode i den amerikanske serien The L Word, om liva til homofile, bifile og transseksuelle, i 2006.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

  • Under Feet Like Ours (1999)
  • This Business of Art (2000)
  • If It Was You (2002)
  • So Jealous (2004)
  • The Con (2007)
  • Sainthood (2009)