Teikneserien Billy

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Billy, på engelsk Beetle Bailey, er ein humoristisk teikneserie skapt av Mort Walker. Stripa går føre seg i den amerikanske hæren, og blei første gong gjeven ut i 1950. Billy er dermed ein av dei eldste teikneseriane som den opphavlege teiknaren framleis står for.

Billy var opphavleg ein collegestudent som vart kalla «Spider» (edderkopp). I 1951, under Koreakrigen, let Walker han gå inn i hæren og endra samtidig namnet hans til «Beetle» (bille). Etternamnet fekk han til ære for John Bailey, ein tidsskriftsredaktør som hadde støtta Walker på vegen.