Teis Lundegaard

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Theis Jacob Thorkildsen Lundegaard. Tilhøyrer Eidsvoll 1814. Frå DigitaltMuseum
Måla av: Knud Bergslien

Teis Jakob Torkjellsson Lundegaard (8. oktober 177426. februar 1856) var ein gardbrukar, handelsmann, skipsreiar og stortingsmann frå Vest-Agder.

Lundegaard var fødd på garden Høyland i Austad sokn i Lyngdal prestegjeld, der far hans var gardbrukar. Han var sjølv gardbrukar på garden Lundegård i heimbygda Austad. Attåt utrusta han skip og dreiv lønsam handel langs kysten mellom Christiania og Bergen. I 1808 var han seksjonssjef for kystvernet.

Riksforsamlinga[endre | endre wikiteksten]

Lundegaard møtte på riksforsamlingaEidsvoll i 1814 som utsending for 'Lister len'. Han var ein frittalande mann utan overdriven respekt for embetsmenn og andre i maktposisjonar. På Eidsvoll vart han den fyrste bonden som tok ordet i ein debatt. I dei seks vekene utsendingane var samla, var han ein av dei som oftast tok ordet. Politisk fylgde han sjølvstendepartiet.

Lundegaard var mellom dei som var mot å tillate jødar tilgang til riket. I debatten om jødane i Noreg ropa han ut at alle dei som ikkje ynskte jødar i riket, skulle reise seg. I spørsmålet om kva som skulle avgjere om ein fekk røysterett, gjekk han hardt imot at røysteretten skulle baserast på kor mykje ein eigde. «Det er ikkje skatten, men mannen som skal tale på tinget», uttala han.

Henrik Wergeland skildra Teis Lundegaard som ein mann som hadde «alle Listerlands brølende Havstorme i sitt bryst». Ifylgje Wergeland laga Lundegaard "en Pokkers Støi" i protest mot at eitt av møta på Eidsvoll skulle haldast på ein sundag føremiddag. «Det veed jeg», ropte han, «at hverken Guds eller Kongens Lov tillader at arbeide paa Søndagen.» Då Georg Sverdrup ville leggja eit anna bibelvers imot ifrå det nye testamentet, avbraut Lundegaard med å smella neven i bordet og ropa: «Græsk og Latin det maa I forstaa, men lær I mig ikke min Kristendom! Hvad Guds Ord siger, veed jeg nok! I Bibelen staaer der: falder din Oxe eller Asen i en Grav paa en Helligdag, saa kan du trække dem op igjen. Og er der nu Oxer eller Asener i Rigsforsamlingen, saa skal jeg #*#*#*# nok komme og hjælpe til at trække dem ud om det saa var paa Sabbaten!» [1]

Stortinget[endre | endre wikiteksten]

Stortinget 1815-16 var Lundegaard 2. representant for Lister og Mandals amt. Han var då medlem av sju komitear. Stilte neppe til val i 1818, atter på Stortinget i 1821 og på det overordentlege storting 1821-22. I 1821 var han medlem av 18 komitear, 1821-22 seks komitear. Han var representert på stortinget 1827, det overordentlege stortinget 1828, og stortinga 1830 og 1833 og siste månaden av 1836-tinget. I 1836 kom han inn som varamann. Under 1827-tingsamlinga var han med i fire komitear, både i 1830 og 1833 i fem komitear, i 1836 var han med i tollkomiteen. Mellom dei komiteane han var han medlem av under fleire tingsamlingar var valkomiteen, komiteen om vernepliktslova, komiteen om oppgjeret med Danmark. På valtinga til 1839- og 1842-stortinga nådde han ikkje opp. I 1845 var han 3. representant for valkrinsen, til 1848-tinget nådde han ikkje opp i valmannsvalet. I 1845 var han med i konstitusjonskomiteen og i lovkomiteen. Frå 1828 hadde han sete i Lagtinget, dei gongane han møtte på Stortinget.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Fotnote[endre | endre wikiteksten]

  1. Henrik Wergeland: Norges Konstitutions Historie, hefte 3, s. 65. Henta frå A. Johansen og J.E. Kjeldsen: Virksomme ord. Politiske taler. (2005).

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]