Teist
| Teist | ||
| Systematikk | ||
| Rike: | Animalia | |
| Rekkje: | Chordata | |
| Klasse: | Aves | |
| Orden: | Charadriiformes | |
| Familie: | Alcidae | |
| Slekt: | Cepphus | |
| Art: | Teist | |
| Vitskapleg namn | ||
| Cepphus grylle | ||
Teist (Cepphus grylle) er ein sjøfugl i alkefamilien.
Innhaldsliste |
[endre] Utsjånad
Om sommaren er teisten heilt svart i fjørdrakta unnateke ein stor kvit vengjeflekk og dei raude føtene. Nebben er mørk og smal. Når fuglen flyg ser ein kvite vengekantar. Om vinteren skiftar fargen på hovudet og undersida til kvitt. Vengane har same fargane som om sommaren. Kjønna er like. Totallengda er 34-37 cm og vengespennet 52-58 cm.
[endre] Utbreiing
Teist hekkar langs steinete kystområde i Nord-Atlanterhavet. Sørgrensene for utbreiingsområdet er Maine i Nord-Amerika og Irland i Europa, og mot vest går utbreiingsområdet til Alaska langs nordsida av Nord-Amerika.. Fuglane overvintrar gjerne i hekkeområdet, men kan også trekke noko sørover til vinteren. Om vatnet frys flyttar dei ut til ope vatn.
[endre] Førekomst i Noreg
Fuglen hekkar langs heile norskekysten, men manglar i dei indre delane av nokre fjordar. Arten er i fare for å bli utryddingstrua i Noreg, og er difor oppførd på norsk raudliste 2006 i kategorien nær trua.
[endre] Åtferd og føde
Fuglen dukkar frå overflata og sym under vatnet på matleit. Han et hovudsakleg fisk og krepsdyr, men også ein del blautdyr, insekt og plantedelar.
[endre] Hekking
Teisten kjem til hekkeplassen frå april. Reiret er oftast godt skjult. Reiret er ei grop i underlaget, men egga kan òg leggast rett på fjellet.
[endre] Bakgrunnsstoff og kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Tobisgrissla» frå Wikipedia på svensk, den 8. mars 2012.