Tekopp

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tekopp med skål
Tebolle utan hank.

Ein tekopp er ein liten kopp med eller utan hank. Ved hjelp av tommelen og ein eller to fingre kan ein halde i hanken og løfte koppen utan å brenne fingrane når ein held i koppen. Ein tekopp er typisk laga av eit kjeramisk material som t.d. porselen. Tekoppar er til vanleg breiare og lågare enn kaffikoppar, men treng ikkje alltid vere det.

Tekoppar kjem vanlegvis i sett med ein kopp og ei tilhøyrande skål. Desse kan i sin tur vere ein del av eit teservice som kan bestå av ei tekanne, fløytemugge, sukkerkopp og slop bowl i tillegg til minst seks par koppar.

Kopper som normalt ikkje har tilhøyrande skål, kallast ofte krus.

Nokre samlarar får tak i talrike one-of-a-kind koppar med tilhøyrande skål. Finare tekoppar er typisk laga av fint kvitt translucent porselen og kan vere dekorerte med blomstermønster. Koppar kan vere til minne om ein plass, person eller hending. Desse kan òg samle på teskjeier som kan vere i sølv og med ein eventuell dekor av emalje som er langt på skaftet med liknande tema.

Dei første små koppane som var spesielt laga for å drikke den nye drikken te i Europa var eksportert frå den japanske hamna Imari. Tebollane i det fjerne Austen hadde ikkje hankar. Dei første europeiske etterlikningane, laga ved Meissen, var òg utan hank.

Kinesiske tekoppar er veldig små, normalt tar dei ikkje meir enn 30ml væske. Dei er designa for å bli nytta saman med Yixing tekanner eller Gaiwan.[1]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Referensar[endre | endre wikiteksten]

  1. www.yixing.co.uk, arkivert frå originalen 3. november 2018, henta 3. november 2010