Tel Aviv

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tel Aviv-Jaffa
תל־אביב–יפו
تل أبيب - يافا
by
Flagg
Våpenskjold
Land  Israel
distrikt Tel Aviv
Storbyområde Gush Dan
Høgd moh.
Koordinatar 32°4′N 34°47′E
Areal 52 km²
 - by 176 km²
 - storbyområde 1 516 km²
Folketal 414 600  (2013)[1]
 - by 1 318 300
 - storby 3 464 100
Folketettleik 7 973 / km²
Grunnlagd 11. april 1909
Borgarmeister Ron Huldai
Tidssone IST (UTC+2)
 - Sommartid IDT (UTC+3)
Postnummer 61999
Retningsnummer +972 (Israel) 3 (by)
Kart
Tel Aviv
32°5′ N 34°47′ E
Wikimedia Commons: Tel Aviv-Yafo
Nettstad: tel-aviv.gov.il

Tel Aviv-Jaffa (hebraisk: תֵּל־אָבִיב–יָפוֹ – Tel Aviv-Yafo; arabisk: تَلّ أَبِيب - يَافَا‎ – Tall ʾAbīb - Yāfā) er den nest største byen i Israel og det største storbyområdet, med eit folketal på høvesvis 414 600 og 3 464 100.[1] Han ligg ved middelhavskysten sentralt og vest i Israel, i storbyområdet Gush Dan, der 42 % av innbyggjarane i Israel bur. Han er òg den største og mest folkerike byen i Gush Dan.[2] Sidan Dei sameinte nasjonane og alle andre land ikkje anerkjenner Jerusalem som hovudstaden i Israel, ligg mange av dei utanlandske ambassadane i Tel Aviv.[3]

Tel Aviv vart grunnlagd av det jødiske samfunnet i utkanten av den gamle hamnebyen Jaffa i 1909. Jødisk immigrasjon gjorde at Tel Aviv raskt vart større enn Jaffa, som hadde ein majoritet av arabarar på den tida.[4] Tel Aviv og Jaffa vart slått saman til ein enkel kommune i 1950, to år etter staten Israel vart oppretta. Den kvite byen i Tel Aviv fekk status som verdsarvstad i 2003, og har den største konsentrasjonen av Bauhaus-bygningar i verda.[5][6]

Tel Aviv er eit teknologisk og økonomisk senter i landet, og her finn ein Tel Aviv-børsen, føretakskontor og forsking- og utviklingssenter.[7] Han er finanshovudstaden i landet og eit forretningssenter.[8] Tel Aviv har den nest største økonomien i Midtausten etter Dubai, og er den 31. dyraste byen i verda.[9] Med 2,5 millionar internasjonale vitjande kvart år, er Tel Aviv den femte mest vitja byen i Midtausten.[10] Han er kjend som «byen som aldri søv» og ein «partyhovustad» på grunn av det livlege utelivet, den dynamiske atmosfæren og den kjende 24-timarskulturen.[11][12]

Etymologi[endre | endre wikiteksten]

Tel Aviv er det hebraiske namnet på Theodor Herzl-boka Altneuland, omsett frå tysk av Nahum Sokolow. Sokolow hadde teke namnet frå ein mesopotamisk stad nær byen Babylon som var nemnt i Esekiel: «Eg kom til dei bortførte i Tel-Abib, dei som budde attmed Kebar-elva og heldt til der. Og der sat eg hos dei i sju dagar, heilt lamslegen.»[13] Namnet vart valt i 1910 frå fleire forslag, inkludert «Herzliya». Det vart funne høvande sidan det omfatta ideen om ein renessane i eit eldgamalt jødisk heimland. Aviv er hebraisk for «vår», og symboliserer fornying, og tel er ei menneskeskapt høgd som har oppståt ved at sivilisasjonar har bygd lag på lag oppå kvarandre, og symboliserer det eldgamle.[14]

Det finst fleire teoriar om namneopphavet til Jaffa eller Yafo på hebraisk. Somme trur at namnet kjem frå yafah eller yofi, som er hebraisk for «vakker» eller «venleik». Ei anna segn er at Jafet, son av Noah, grunnla byen og at han vart kalla opp etter han.[15]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Jaffa[endre | endre wikiteksten]

Gamlebyen i Jaffa i dag.
Hamna i Jaffa i 1906
Lotteri for tomter i Tel Aviv i 1909

Den gamle hamnebyen Jaffa har skifta hender mange gonger gjennom historia. Utgravingar gjort frå 1955 til 1974 avdekte tårn og gater frå mellombronsealderen.[16] Seinare utgravingar, frå 1997 og frametter, var med på å datere dei tidlegare oppdagingane.[16] Dei avdekte òg seksjonar av glacis av pakka sandstein og ein massiv mursteinsmur, datert til sein bronsealder, i tillegg til eit tempel laga av fønikarane og bustadhus frå jernalderen.[16] Restar av bygningar frå persisk og helleneistisk tid vart òg avdekt.[16]

Byen Jaffa er først nemnt i brev frå 1470 fvt. som omtalte at han vart erobra av den egyptiske faraoen Thutmose III.[17] Jaffa er nemnt fleire gonger i Bibelen, som hamna der Jona segla ut frå på veg mot Tarshish;[18] som ein grenseby i territoriet til Dan-stamma;[19] og som Jaffa hamn der tømmeret til Salomotempelet i Jerusalem kom til frå Libanon.[20] Jaffa er òg nemnt som staden der apostelen Peter vekte Tabita til live og vitja Simon garvaren.[21] I følgje somme kjelder har han vore ein hamneby i minst 4 000 år.[15]

I 1099 okkuperte dei katolske armeane til det femte krosstoget, leia av Godfrey av Bouillon, Jaffa, som hadde blitt fråflytta av muslimane. Dei bygde festningsverk og utbetra hamna.[22] Som Grevskapet Jaffa vart byen raskt viktig sidan hovudforsyningslinja via sjøen til kongedømet Jerusalem gjekk via Jaffa.[23] Jaffa vart erobra av Saladin i 1192, men kort tid etter teken attende av Rikard Løvehjarte, som bygde ut forsvarsverka.[24] I 1223 bygde keisar Fredrik II fleire festningsverk.[24] Styret til krossfararane enda i 1268, då mamelukk-sultanen Baibars erobra byen, øydela hamna og reiv ned festningsverka.[24][25] I 1336, då det var planlagt eit nytt krosstog, fekk Al-Nasir Muhammad øydelagd hamna slik at frankarane ikkje kunne gå i land der.[26] Av same årsak vart både byen og hamna øydelagd i 1345.[26] På 1500-talet vart Jaffa erobra av osmanarane og administrert som ein landsby i Gaza sanjak.[25]

Napoleon kringsette byen i 1799 og tok livet av mange innbyggjarar. Ein pestepidemi følgde, og uttynna resten av folkesetnaden.[25] Garnisonen med fleire tusen muslimar overgav seg, men vart massakrert.[27]

Byggjar i Tel Aviv i 1920-åra

Jaffa byrja å vekse som eit bysenter tidleg på 1700-talet, då det osmanske styret i Istanbul gjekk inn for å vakte hamne og redusere åtaka frå beduinar og piratar.[25] Men den verkelege utvidinga kom først på 1800-talet, då folketalet voks frå 2 500 i 1806 til 17 000 i 1886.[17]

Frå 1800 til 1870 vart mange av dei gamle murane og tårna i Jaffa rivne ned slik at ein kunne utvide byen. Moloen, som var 2,5 m høg, vart verande intakt fram til 1930-åra, då han vart bygd over under ei renovering av hamna, utført av de britiske mandatstyresmaktene. Midt på 1800-talet blømde byen på grunn av handel, særleg med silke og Jaffa-appelsinar, med Europa.[17] I 1860-åra fekk det vesle sefardiske samfunnet i Jaffa selskap av jødar frå Marokko og ei lita gruppe askenasiske jødar.

Dei første jødane som slo seg ned utafor Jaffa, i området som i dag er Tel Aviv, var jemenittiske jødar. Desse husa, bygde i 1881, vart kjernen i Kerem HaTeimanim (hebraisk for «Den jemenittiske vingarden»). I 1896 bygde jemenittiske jødar hus i Mahane Yehuda, og i 1904 i Mahane Yossef. Desse nabolaga vart seinare nabolaget Shabazi.

I 1880-åra auka immigrasjonen av askenasiske jødar til Jaffa i starten av den første Aliyah. Dei nyankomne var meir motiverte av sionisme enn religion og kom for å dyrke jorda og drive med produktivt arbeid.[17] For å halde på «pioner-ideologien» sin, slo somme seg ned i sanddynene nord for Jaffa.[17] Mellom 1887 og 1899 bygde askenasiske nybyggjarar hus i Neve Tzedek[5] og i 1890 ved Neve Shalom i nærleiken.

Ahuzat Bayit[endre | endre wikiteksten]

Den andre Aliyah førte til vidare utviding. I 1906 følgde ei gruppe jødar, mellom anna innbyggjarar frå Jaffa, initiativet til Akiva Aryeh Weiss og slo seg saman for å danne Ahuzat Bayit-sameininga (tyder «bondegard»). Målet til sameininga var å danne eit «hebraisk bysenter i eit sunt miljø, planlagt ut frå estetiske og moderne hygiene.»[17] Byplanlegginga for den nye byen vart påverka av Hagebyrørsla.[28] Dei første 60 tomtane vart kjøpte i Kerem Djebali nær Jaffa av Jacobus Kann, ein nederlendar, som registrerte dei i sitt namn fordi dei tyrkiske lovene hindra jødane å kjøpe land.[29] Meir Dizengoff, seinare den første borgarmeisteren i Tel Aviv, vart òg med i Ahuzat Bayit.[30][31] Visjonen hans for Tel Aviv omfatta fredleg samliv med arabarane.[17]

Herzliya hebraiske gymnas i 1936.

Den 11. april 1909, samla 66 jødiske familiar seg på ei aude sanddyne for å fordele tomter i eit lotteri ved hjelp av strandskjel. Denne samlinga vart rekna som den offisielle datoen for grunnlegginga av Tel Aviv. Lotteriet vart organisert av Akiva Aryeh Weiss, leiaren for bygningssamininga.[32][33] Weiss samla 120 strandskjel på stranda, halvparten av dei kvite og halvparten grå. Namna på medlemmane vart skrivne på kvite skjel og nummeret på tomten på dei grå skjela. Ein gut trekte namn frå ein boks med skjel og ei jente trekte nummer frå ein annan boks. Ein fotograf, Avraham Soskin, dokumenterte hendinga. Den første vassbrunnen vart grave seinare på denne staden (i dag Rothschild Boulevard, ovanfor Dizengoff-huset).[34] I løpet av eit år var gatene Herzl, Ahad Ha'am, Yehuda Halevi, Lilienblum og Rothschild bygde. Det var bygde ut vassforsyning og 66 hus (inkludert somme på seks vidaredelte tomter), stod ferdige.[28] I enden av Herzl-gata vart det sett av land for å byggje Herzliya hebraiske gymnas, som vart grunnlagd i Jaffa i 1906.[28] Den 21. mai 1910 vart namnet Tel Aviv teken i bruk.[28] Tel Aviv vart planlagt som ein sjølvstendig, hebraisk by med vide gater og bulevardar, innlagt vatn i kvart hus og gatelys.[35]

I 1914 dekte Tel Aviv meir enn 1 kvadratkilometer.[28] Veksten stoppa derimot opp i 1917, då dei osmanske styresmaktene deporterte jødar frå Jaffa og Tel Aviv.[28] Ein rapport publisert i The New York Times av den amerikanske konsulen Garrels i Alexandria i Egypt skildra deporteringa frå Jaffa tidleg i april 1917. Ordrene om evakuering var hovudsakleg retta mot den jødiske folkesetnaden.[36] Jødar fekk lov å reise heim til husa sine i Tel Aviv mot slutten av det neste året, då den fyrste verdskrigen var over og nederlaget til osmanarane. Britane tok så kontroll over Palestina.

Under Det britiske mandatet[endre | endre wikiteksten]

Masterplanen for Tel Aviv av Patrick Geddes, 1925
Den britiske paviljongen under Orientmarknaden i 1934.

Med stadig aukande jødisk immigrasjon under det britiske styret, auka friksjonen mellom arabarar og jødar i Palestina. Den 1. mai 1921, førte Jaffa-opprøra til at 48 arabarar og 47 jødar omkom, og 146 jødar og 73 arabarar vart skadde.[37] Etter denne valdsepisoden drog mange jdøar frå Jaffa til Tel Aviv, og folketalet i Tel Aviv auka frå 2 000 i 1920 til kring 34 000 i 1925.[5][38]

Tel Aviv byrja å utvikle seg som eit handelssenter.[28] I 1923 vart Tel Aviv den første byen som fekk elektrisk straum, og Jaffa følgde seinare same året. Opningsseremonien til Jaffa Electric Company kraftstasjon den 10. juni 1923 feira lyssettinga av dei to hovudgatene i Tel Aviv.[39]

I 1925 teikna den skotske biologen, sosiologen, filantropen og byplanleggjaren Patrick Geddes ein byplan for Tel Aviv, som leiaren av byrådet Meir Dizengoff aksepterte. Denne første planen for utviklinga av dei nordlege områda av distriktet vart kalla «Geddes-planen»,[17] der kjernen var å utvikle ein hageby eller «urban landsby,» der ein kombinerte det beste frå eit urbant og eit landleg liv.[40] Grensene som Geddes nytta, Yarkonelva i nord og Ibn Gvirol-gata i aust, er no grensene for Det gamle nord i Tel Aviv.

Ben Gurion-huset vart bygd i 1930–31 som ein del av eit nytt bustadprosjekt. Samstundes fekk det jødiske kulturlivet ein oppmuntring då Ohel teater og Habima teater vart bygd i Tel Aviv i 1931.[28]

Tel Aviv fekk kommunestatus i 1934.[28] Den jødiske folkesetnaden steig dramatisk under den femte Aliyah då nazistane kom til makta i Tyskland.[28] I 1937 hadde den jødiske folkesetnaden i Tel Aviv stige til 150 000, samanlikna med dei hovudsakleg palestinske innbyggjarane i Jaffa som talde 69 000. I lpet av to år hadde folketalet auka til 160 000, som var over ein tredjedel av den samla jødiske folkesetnaden i Palestina.[28] Mange nye jødiske immigrantar til Palestina kom først til Jaffa, og vart verande i Tel Aviv, og gjorde byen til eit senter for byliv. Friksjon under arabararopprøret 1936–39 førte til at det vart opna ei lokal, jødisk hamn, Tel Aviv hamn, sjølvstendig frå Jaffa, i 1938, (denne lukka 25. oktober 1965). Lydda lufthamn (seinare Ben Gurion lufthamn) og Sde Dov lufthamn opna mellom 1937 og 1938.[17]

Mange tyske, jødiske arkitektar som gjekk ved Bauhaus, den modernistiske arkitektskulen, flykta frå Tyskland. Somme, som arkitekten Arieh Sharon, kom til Palestina og tilpassa Bauhaus-stilen, og andre liknande stilar, med dei lokale tilhøva, og skpate det som vert rekna som den største konsentrasjonen av byggverk i internasjonal stil i verda.[5][17] Den kvite byen i Tel Aviv dukka opp i 1930-åra, og vart ein verdsarvstad i 2003. Tel Aviv vart råka under den italienske bombinga av Palestina under andre verdskrigen. Den 9. september 1940 vart 137 drepne av bomber i Tel Aviv.[41]

I følgje delingsplanen til SN frå 1947 for oppdelinga av Palestina i ein jødisk og ein arabisk stat, skulle Tel Aviv, som då var ein by med 230 000 innbyggjarar, vere med i den nye jødiske staten. Jaffa som med eit folketal på 101 580 menneske i 1945, 53 930 muslimar, 30 820 jødar og 16 800 kristne, var tiltenkt i den arabiske staten. Dei palestinske arabarane avviste planen.[17] Mellom 1947 og 1948 vaks spaninga mellom Tel Aviv og Jaffa. Då kampane braut ut kringsette i røynda dei paramilitærestyrkane Haganah og Irgun Jaffa.[17] Arabiske snikskyttarar skaut mot jødar frå minerane i Hassan Bek-moskeen. Frå april 1948 vart palestinske innbyggjarar i Jaffa tvungne på flukt. Då Jaffa vart erobra av jødiske styrkar den 14. mai, var det få palestinske innbyggjarar att.[17]

Etter israelsk sjølvstende[endre | endre wikiteksten]

Massar utafor Dizengoff-huset (no Sjølvstendehallen) for å høyre erklæringa og sjå signeringa av den israelske sjølvstendeerklæringa i 1948.

Då Israel erklærte sjølvstendet sitt den 14. mai 1948, hadde Tel Aviv over 200 000 innbyggjarar.[1] Tel Aviv var mellombels regjeringssenter for Staten Israel, fram til regjeringa flytta til Jerusalem i desember 1949. På grunn av internasjonal strid om statusen til Jerusalem, vart dei fleste utanlandske ambassadane verande i eller nær Tel Aviv.[14] Tidleg i 1980-åra flytta 13 ambassadar i Jerusalem til Tel Aviv som ein del av tiltaket til SN mot Jerusalemlova til Israel i 1980.[42] I dag er alle dei nasjonale ambassadane i Tel Aviv eller området rundt.[43] Grensene til Tel Aviv og Jaffa vart eit stort spørssmål mellom Tel Aviv kommune og dei israelske styresmaktene i 1948.[44] Tel Aviv ønskte å innlemme berre dei nordlege, jødiske fortstadane til Jaffa, medan staten ønskte ein fullstendig samanslåing.[44] Saka var òg internasjonal sensitiv, sidan hovudparten av Jaffa var i den arabiske delen av delingsplanen til Dei sameinte nasjonane, medan Tel Aviv var i den jødiske. Det var ikkje signert noko våpenkvileavtale enno.[44] Den 10. desember 1948 annonsert regjeringa at Tel Aviv hadde annektert dei jødiske forstadane til Jaffa, den palestinske bydelen Abu Kabir, den palestinske landsbyen Salama og noko av jordbruksområdet, i tillegg til den jødiske 'Hatikva'-slummen.[44] Den 25. februar 1949 vart òg den avfolka palestinske landsbyen al-Shaykh Muwannis annektert til Tel Aviv.[44] Den 18. mai 1949 vart Manshiya og delar av sentrum av Jaffa' lagt til, for første gong eit område som hadde vore tiltenkt den arabiske delen av delingsplanen til SN.[44] Regjeringa stemma om ei samanslåing av heile Tel Aviv og Jaffa den 4. oktober 1949, men avgjersla vart ikkje gjennomført før 24. april 1950 på grunn av motstand frå borgarmeisteren i Tel Aviv, Israel Rokach.[44] Namnet på den samla byen var Tel Aviv fram til 19. august 1950, då han vart omdøypt Tel Aviv-Yafo for å bevare det historiske namnet Jaffa.[44]

Tel Aviv voks dermed til 42 kvadratkilometer. I 1949 vart det reist eit minnesmerke til minne om dei 60 grunnleggjarane av Tel Aviv.[45] I løpet av dei siste 60 åra har Tel Aviv utvikla seg til eit sekulært, liberalt sentrum med eit yrande natteliv og kafékultur.[17]

I 1960-åra vart somme av dei eldre bygningane øydelagde, for å gje plass til nokre av dei første høghusa i landet. Shalom Meir-tårnet, som stod ferdig i 1965, var det høgaste byggverket i Israel fram til 1999. Folketalet i Tel Aviv nådde tidleg i 1960-åra 390 000 menneske, kring 16 prosent av heile folketalet i landet. Ein lang periode med fallande folketal følgde, og seint i 1980-åra hadde byen ein aldrande folkesetnad på 317 000.[46] Høge bustadprisar pressa familiar ut og hindra unge folk frå å flytte inn.[46] På denne tida byrja gentrifiseringa i fattige nabolag sør i Tel Aviv, og den gamle delen i nord vart fornya.[17] Nye lover vart innførte for å verne dei modernistiske bygningane, og dette vart forsterka då Den kvite byen vart innført på verdsarvlista til UNESCO. Tidleg i 1990-åra byrja folketalet å vokse att, delvis på grunn av store bølgjer av immigrantar frå det tidlegare Sovjetunionen.[46] Tel Aviv byrja òg å tre fram som eit høgteknologisenter.[17] Bygginga av mange skyskraparar og høgteknologiske kontorbygg følgde. I 1993 vart Tel Aviv kategorisert som ein verdsby.[47] Byen vert rekna som ein sterk kandidat for global bystatus.[8]

Ein Bauhaus-gatekafé i Florentin i Tel Aviv.

Under Gulfkrigen i 1991 vart Tel Aviv angripen med Scud-rakettar frå Irak. Irak håpte å provosere fram eit israelsk militærsvar, som kunne ha øydelagd den amerikansk-arabiske alliansen. USA la press på Israel om ikkje å ta hemn, og etter Israel føydde seg, kom USA og Nederland raskt på plass med Patriot-missil for å forsvare dei mot åtak, men desse var i stor grad ineffektive. Tel Aviv og andre israelske byar heldt fram å bli råka av Scud-rakettar gjennom krigen, og kvar by i Tel Aviv-området, utanom Bnei Brak vart råka. I alt mista 74 israelarar livet som følgje av dei irakiske åtaka, hovudsakleg frå kvelning og hjarteinfarkt,[48] medan kring 230 israelarar vart skadde.[49] Det vart påført omfattande skadar på eigedom og kring 4 000 israelarar vart heimlause. Det var frykta at Irak skulle avfyre rakettar fylte med nervegass eller sarin. På grunn av dette gav dei israelske styresmaktene ut gassmasker til innbyggjarane. Då den første irakiske raketten råka Israel, injiserte somme innbyggjarar motgift mot nervegass. Innbyggjarane i den søraustlege forstaden HaTikva reiste eit engel-monument som teikn på takksemda deira om at «det var gjennom eit stort mirakel at så mange folk ikkje vart drepne av eit direkte treff frå ein Scud-rakett.»[50]

Den 4. november 1995 vart statsministeren i Israel, Yitzhak Rabin, myrda under eit politisk møte i Tel Aviv til støtte for Oslo-avtalen. Staden der dette skjedde, tidlegare Kikar Malchei Yisrael, fekk namnet Rabinplassen.[17]

I 2009 feira Tel Aviv 100-årsjubileet sitt.

Midtausten-konflikten[endre | endre wikiteksten]

Det israelske luftforsvaret sine F-16I Sufas over Tel Aviv.

Sidan Den første intifadaen har Tel Aviv blitt råka av palestinsk politisk vald. Det første sjølvmordsåtaket i Tel Aviv skjedde den 19. oktober 1994, på buss linje 5, då ein bombar tok livet av 22 sivile og skadde 50, som ein del av sjølvmordsplanen til Hamas.[51] Den 6. mars 1996 tok ein annan sjølvmordsbombar frå Hamas livet av 13 menneske (12 sivile og ein soldat) i Dizengoff Sentral-bombinga.[52][53] Tre kvinner vart drepne av ein Hamas-terrorist i Café Apropo-bombinga den 27. mars 1997.[54][55][56]

Eit av dei mest dødelege åtaka skjedde 1. juni 2001, under den andre Intifada, då ein sjølvmordsbombar ekspolderte inngangen til Dolphinarium-diskoteket, og tok livet av 21, hovudsakleg tenåringar, og skadde 132.[57][58][59][60] Ein annan sjølvmordsbombar frå Hamas tok livet seks sivile og skadde 70 i busbomba i Allenby-gata.[61][62][63][64][65] 23 sivile vart drepne og over 100 skadde i massakren på den sentrale busstasjonen i Tel-Aviv.[66][67] Al-Aqsa martyrbrigadane tok ansvaret for åtaket. Under sjølvmordsbominga på Mike's Place, eit åtak på ein bar av ein britisk muslim, vart tre sivile drepne og over 50 skadde.[68] Hamas og Al Aqsa martyrbrigade tok begge ansvaret. Ein islamsk jihad-bombar tok livet av fem og skadde over 50 den 25. februar 2005 Stage Club bombing.[69] Det mest nylege sjølvmordsåtaket i byen skjedde 17. april 2006, då 11 personar vart drepne og minst 70 skadde i ein sjølvmordsbombe nær den gamle busstasjonen.[70]

Eit anna åtak fann stad den 29. august 2011 då ein palestinar stal ein israelsk taxi og køyrte inn i ei politisperring som vakta den populære nattklubben Haoman 17 i Tel Aviv, som var fylt med 2 000[71] israelske tenåringar. Etter kræsjen, drog angriparen ein kniv og skadde åtte personar.[69]

Den 21. november 2012, under Operasjon Pillar of Defense, var Tel Aviv-området mål for rakettar, og ein kunne høyre flysirener i byen for første gongen sidan Gulfkrigen. Alle rakettane bomba på folkerike området, eller vart skotne ned av eit rakettforsvarsbatteri kalla Iron Dome som ligg nær byen. Under operasjonen, førte ei bussbombe til at minst 28 sivile vart skadde, tre alvorleg.[72][73][74][75] Dette vart skildra som eit terroriståtak av Israel, Russland og USA og fordømd av Dei sameinte nasjonane, USA, Storbritannia, Frankrike og Russland, medan talsmannen for Hamas, Sami Abu Zuhri erklærte at organisasjonen «velsigna» åtaka.[76]

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Tel Aviv sett frå verdsrommet

På grunn av utvidinga av Tel Aviv og Gush Dan-området, finst det ikkje i dag noko absolutt grense mellom Tel Aviv og Jaffa og mellom bydelane i byen.

Byen ligg 60 km nordvest for Jerusalem og 90 km sør for byen Haifa.[77] Nabobyar er Herzliya i nord, Ramat HaSharon i nordaust, Petah Tikva, Bnei Brak, Ramat Gan og Giv'atayim i aust, Holon i søraust og Bat Yam i sør.[78] Byen er økonomisk lagdelt frå nord til sør. Det sørlege Tel Aviv er langt mindre velståande enn det nordlege Tel Aviv, med unntak av Neve Tzedek og noko nyare utviklinga langs stranda i Jaffa. I det sentrale Tel Aviv ligg Azrieli Sentral og det viktige finans- og handelsdistriktet langs Ayalon-gata. Nord i Tel Aviv ligg Tel Aviv universitet, Hayarkonparken og finare nabolag som Ramat Aviv og Afeka.[79]

Klima[endre | endre wikiteksten]

Tel Aviv har middelhavsklima (Köppen si klimaklassifisering: Csa) med milde, regnfulle vintrar, og varme, tørre somrar.

I dei kaldare månadane varierer typisk middeltemperaturen frå 9 til 17 °C.[80] Om sommaren varierer middeltemperaturen frå 24 til 30 °C. Våren og hausten er overgangstider, med noko svingingar i temperatur og nedbør. Varmebølgjer er vanlegast om våren, med temperaturar opp mot 35 °C.

Tel Aviv har ein årsmiddelnedbør på 532 mm, og det meste av nedbøren fell frå september til mai. Vinteren er den våtaste årstida, ofte i lag med kaldare vêr med kraftige regnbyer og torevêr. Snø er ekstremt sjeldan, og det siste registrerte snøfallet innafor bygrensene skjedde i februar 1950. Den våtaste månaden som er registrert var januar 2000, då det falt 324,9 mm. Den våtaste dagen var 8. novermber 1955, då det kom 133 mm på 24 timar. Tel Aviv har mange soltimar året rundt, med meir enn 300 soldagar på eit år.

Vêrdata for Tel Aviv (1916–2007)
Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Høgast målte °C 26,8 29,6 35,2 40,4 46,5 37,6 37,4 34,4 35,4 38,4 35,3 27,9 46,5
Gjennomsnittleg maks °C 17,5 17,7 19,2 22,8 24,9 27,5 29,4 30,2 29,4 27,3 23,4 19,2 24,04
Døgnmiddeltemperatur °C 13 13,8 15,4 18,6 21,1 24,1 26,2 27 26 23,2 19 15,2 20,3
Gjennomsnittleg min °C 9,6 9,8 11,5 14,4 17,3 20,6 23 23,7 22,5 19,1 14,6 11,2 16,44
Lågast målte °C 2,5 −1,9 3,5 7 11,2 15 19 20 15,7 11,6 6 4 −1,9
Gns. luftfukt (%) 73 71 69 65 68 70 70 70 67 66 66 72 69
Gns. solskinstimar i månaden 192,2 205,9 235,6 270 328,6 357 368,9 356,5 300 279 234 189,1 3 316,8
Kjelde: Israelsk meteorologiske institutt[80][81]Hong Kong Observatory for data om soltimar[82]


Normal sjøtemperatur i Tel Aviv[83]
Jan Feb Mar Apr May Jun Jul Aug Sep Oct Nov Dec
18 °C 17 °C 17 °C 18 °C 21 °C 24 °C 26 °C 28 °C 27 °C 26 °C 23 °C 20 °C

Utdanning[endre | endre wikiteksten]

Vladimir Schreiber matematiske institutt ved Tel Aviv universitet.

I 2006 gjekk 51 359 barn på skule i Tel Aviv, av desse var 8 977  i kommunale barnehagar, 23 573 på kommunale grunnskular, og 18 809 på vidaregåande skular.[84] 64% av studentane i byen har krav på opptakseksamen, meir enn 5% eir enn det nasjonale gjennomsnittet.[84]

Den førte hebraiske vidaregåande skulen, Herzliya hebraiske gymnas, vart bygd i 1905 i Herzl-gata.

Tel Aviv universitet er det største universitet i Israel, og er internasjonalt kjend for institutta innan fysikk, informatikk, kjemi og lingvistikk. I lag med Bar-Ilan universitet i nabobyen Ramat Gan, er studenttalet over 50 000, inkludert mange internasjonale studentar.[85][86] Universitetsområdet ligg i bydelen Ramat Aviv.[87] Tel Aviv har òg fleire høgskular.[88] Herzliya hebraiske gymnas vart flytta frå Jaffa til Tel Aviv i 1909. Skulen er framleis i drift, men har flytta til Jabotinsky-gata.[89]

Turisme og fritid[endre | endre wikiteksten]

Hayarkonparken er den største parken i Tel Aviv.
Tel Aviv er den niande beste strandbyen i verda i følgje National Geographic.

I 2010 rangerte Knight Frank Tel Aviv på 34. plassen på verdsbylista si.[90] Tel Aviv har blitt kåra til den tredje «hottaste byen i 2011» (bak New York City og Tanger) av Lonely Planet, tredje best i Midtausten og Afrika av Travel + Leisure magazine (bak Cape Town og Jerusalem), og den niande beste strandbyen i verda av National Geographic.[91][92][93]

Med 2,5 million internasjonale vitjande kvart år, er Tel Aviv den femte mest vitja byen i Midtausten og Afrika.[94][95] Han er kjend som «byen som aldri søv» og ein «party-hovudstad» på grunn av det yrande nattelivet, unge atmosfæren og kjende 24-timarskulturen.[11][12][96] Mange av dei store hotellkjedane har hotell i Tel Aviv Crowne Plaza, Sheraton, Dan, Isrotel og Hilton. Her finst mange museum, arktektur- og kulturstader.[97] Tel Aviv har 44 hotell med meir enn 6 500 rom.[84]

Strendene i Tel Aviv spelar ei viktig rolle i kultur- og turistmiljøet i byen, ofte rangert som ei av dei beste strendene i verda.[93] Hayarkonparken er den mest vitja byparken i Israel, med 16 millionar vitjande kvart år. Andre parkar innafor bygrensene er Charles Clore-parken, Independence-parken, Meirparken og Dubnowparken. Kring 19 % av Tel Aviv er grøntområde.[98]

Natteliv[endre | endre wikiteksten]

Tel Aviv om kvelden.

Tel Aviv er eit internasjonalt turistmål med eit særs aktivt og mangfaldig natteliv med barar, diskotek og nattklubbar som er opne til langt på natt. Det største område for nattklubbar er hamneområdet i Tel Aviv, der store, kommersielle klubbar og barar trekkjer til seg mange ungdommar frå både Tel Aviv og nabobyar. Sør-Tel Aviv er kjend for den populre klubben Haoman 17, i tillegg til å vere eit senter for alternativ klubb-liv i byen, med undergrunnsstader og etablerte klubbar som Block Club, Comfort 13 og Paradise Garage, i tillegg til forskjellige varehus. Allenby/Rothschild-området er eit anna populært utelivsområde, med klubbar som Pasaz, Radio EPGB og Penguin. I 2013 introduserte Absolut Vodka ei spesialdesigna flaske tileigna Tel Aviv, som ein del av den internasjonale byserien sin.[99]

Kjøken[endre | endre wikiteksten]

Tel Aviv er kjend for dei mange forskjellige restaurantane av verdsklasse[100], med tradisjonelle israelske matretter og internasjonal mat.[101] Meir enn 100 sushirestaurantar, den tredje høgaste konsentrasjonen i verda, heldt til i byen.[102]

Idrett[endre | endre wikiteksten]

Tel Aviv er den einaste byen med tre fotballklubbar i den israelske eliteserien. Maccabi Tel Aviv Sports Club vart grunnlagd i 1906 og konkurrerer i meir enn 10 greiner. Basketball-laget, Maccabi Tel Aviv, er eit verdskjend profesjonellt lag, med meir enn 50 israelske titlar, og 39 sigrar i den israelske cupen, og fem europemeisterskap. Fotballaget har vunne 19 israelske seriemeiterskap og 22 cuptrofé, to gonger Totocupen og to gonger Asiatisk champions league. Yael Arad, ein judoutøvar frå Tel Aviv, vann sølvmedalje i sommar-OL i 1992.[103]

Tel Aviv maraton går gjennom Hayarkonparken.

National Sport Sentral – Tel Aviv (òg kalla Hadar Yosef Sports Sentral) er eit område med stadion og idrettsanlegg.

Hapoel Tel Aviv vart grunnlagd i 1923 og består av meir enn 11 idrettsklubbar,[104] inkludert Hapoel Tel Aviv fotballklubb (13 meisterskap, 11 cuppar, ein Toto-cup og eit asiatisk meisterskap), som spelar på Bloomfield stadion, og både herre- og kvinnelag i basketball.

Bnei Yehuda (eit israelsk meisterskap, to cupmeisterskap, to gonger vinnarar av Totocupen) er det einaste israelske fotballaget som representerer ein bydel, Hatikva-kvarteret i Tel Aviv, og ikkje ein by.

Shimshon Tel Aviv og Beitar Tel Aviv spelte begge tidlegare i den øvste divisjonen, men spelar i dag i lågare divisjonar, og vart slått saman i 2000.

Bloomfield stadion

Tel Aviv er vertskap for ein årleg halvmaraton, som i 2008 hadde 10 000 deltakarar frå heile verda.[105] I 2009 vart Tel Aviv maraton starta opp att etter ein 15 år lang pause.[106]

Media[endre | endre wikiteksten]

Dei tre største avisforlaga i Israel - Yedioth Ahronoth, Maariv og Haaretz – held alle til i Tel Aviv.[107] Fleire radiostasjonar dekkjr Tel Aviv-området, inkludert den bybaserte Radio Tel Aviv.[108]

Fleire store israelske fjernsynskanalar, Israel Broadcasting Authority, Keshet, Reshet og Channel 10, held til i byen, i tillegg til to av dei mest populære radiostasjonane i Israel: Galatz og Galgalatz, som begge held til i Jaffa.

Venkapsbyar[endre | endre wikiteksten]

Montasje frå Tel Aviv.

Kjende folk frå Tel Aviv[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «Tel Aviv» frå Wikipedia på engelsk, den 4. september 2015.
  • Michael Turner, Catherine Weill-Rochant, Geneviève Blondiau, Silvina Sosnovsky, Philippe Brandeis, Sur les traces du modernisme, Tel-Aviv-Haïfa-Jérusalem, CIVA (ed.), Bruxelles 2004. (hebraiske and French)
  • Catherine Weill-Rochant, L'Atlas de Tel-Aviv 1908–2008, Paris, CNRS Editions, 2008. (Historical maps and photos, French, soon in hebraiske and engelsk)
  • Catherine Weill-Rochant, Bauhaus » – Architektur in Tel-Aviv, L’architecture « Bauhaus » à Tel- Aviv, Rita Gans (éd.), Zürich, Yad Yearim, 2008. (German and French)
  • Catherine Weill-Rochant, 'The Tel-Aviv School: a constrained rationalism', DOCOMOMO journal (Documentation and conservation of buildings, sites and neighbourhoods of the modern movement), April 2009.
  • Catherine Weill-Rochant, Le travail de Patrick Geddes à Tel-Aviv, un plan d'ombre et de lumière, Saarbrücken, ةditions Universitaires Européennes, May 2010.
  • Jochen Visscher (ed.): Tel Aviv The White City, Photographs by Stefan Boness, JOVIS Verlag Berlin 2012, ISBN 978-3-939633-75-4
  1. 1,0 1,1 1,2 «לוח 3.- אוכלוסייה( 1), ביישובים שמנו מעל 2 000 תושבים( 2) ושאר אוכלוסייה כפרית Population (1) of localities numbering above 2 000 Residents (2) and other rural population». Arkivert frå originalen 13. november 2013. Henta 7. november 2013. 
  2. «Localities, Population and Density per km²., by storbyområde and Selected Localities». Statistical Abstract of Israel 2013. Israelsk statistisk sentralbyrå. 2012. Arkivert frå originalen (PDF) 13. november 2013. Henta 7. november 2013. 
  3. Jerusalem er hovudstaden under israelsk lov. Presidentbustaden, regjeringskontora, høsteretten og parlamentet (Knesset) ligg alle der. Den palestinske sjølvstyresmakta reknar Aust-Jerusalem som hovudstaden i sin framtidige stat. SN reknar ikkje Jerusalem som hovudstaden i Israel, og har ei stilling om at den endelege statusen til Jerusalem er avhengig av framtidige forhandlingar mellom Israel og Dei palestinske sjølvstyresmaktene Map of Israel.
  4. 85% in 1922, 92% in 1931 (Census reports)
  5. 5,0 5,1 5,2 5,3 «The White City of Tel Aviv» (PDF). UNESCO. Henta 3. september 2015. 
  6. Strimpel, Zoe (3. september 2015). «Hip and happening in Tel Aviv». The Times (London). Henta 3. september 2015. 
  7. «New Economy: Silisium Wadi». Wired. 16. april 1998. Henta 3. september 2015. 
  8. 8,0 8,1 Kipnis, B.A. (8. oktober 2001). «Tel Aviv, Israel – A World City in Evolution: Urban Development at a Deadend of the Global Economy». Globalization and World Cities Study Group and Network at Loughborough universitet. Henta 4. september 2015.  Cities in Transition. Ljubljana: Department of Geography, University of Ljubljana, s. 183–194.
  9. Ami Sedghi (12. juni 2012). «Which is the world's most expensive city? Cost of living survey 2012 | News | guardian.co.uk». Guardian. Henta 3. september 2015. 
  10. Goldman, Yoel (12. juni 2012). «MasterCard ranks Tel Aviv as fifth most visited city in the Middle East and Africa». The Times of Israel. Henta 12. juni 2012. 
  11. 11,0 11,1 «The world's top 10 party towns». Sydney Morning Herald. 19. november 2009. Henta 19. november 2009. 
  12. 12,0 12,1 «Lonely Planet's top 10 cities for 2011». Henta 31. oktober 2010. 
  13. Esekiel 3:15
  14. 14,0 14,1 «Tel Aviv». Jewish Virtual Library. Henta 3. september 2015. 
  15. 15,0 15,1 «Jaffa». Jewish Virtual Library. Henta 16. september 2012. 
  16. 16,0 16,1 16,2 16,3 «Excavations at Ancient Jaffa (Joppa)». Tel Aviv universitet. Henta 30. mars 2008. [daud lenkje]
  17. 17,00 17,01 17,02 17,03 17,04 17,05 17,06 17,07 17,08 17,09 17,10 17,11 17,12 17,13 17,14 17,15 17,16 «Economist City Guide-Tel Aviv». The Economist. Henta 4. september 2015. 
  18. Jona 1:3
  19. Josvas bok 19:40–48
  20. Krønikebøkene II 2:16
  21. Apostelgjerningane 9:36-43
  22. Runciman, Steven (1951). A Historie of the Crusades Vol 1: The Fifth Crusade. London: Penguin. s. 282, 308. ISBN 978-0-14-013706-4. 
  23. Runciman, Steven (1952). A Historie of the Crusades Vol 2: The Kingdom of Jerusalem. London: Penguin. s. 191–92. ISBN 978-0-14-013704-0. 
  24. 24,0 24,1 24,2 Runciman, Steven (1954). A Historie of the Crusades Vol 3: The Kingdom of Acco. London: Penguin. s. 70–71, 186, 324. ISBN 978-0-14-013705-7. 
  25. 25,0 25,1 25,2 25,3 Kark, Ruth (1990). Jaffa: A City in Evolution 1799–1917. Jerusalem: Yad Yitzhak Ben-Zvi. s. 8–10. ISBN 9789652170651. 
  26. 26,0 26,1 PN Bearman; et al. (red.). Encyclopedia of Islam, second edition. Yafi. 
  27. Jacques-François Moit (1814). Mémoires pour servir à l'historoire des expéditions en Egypte et en Syrie. , sitert i Véronique Nahoum-Grappe (2002). «The anthropology of extreme violence: the crime of desecration». International Social Science Journal 54 (174): 549–557. doi:10.1111/1468-2451.00409. 
  28. 28,00 28,01 28,02 28,03 28,04 28,05 28,06 28,07 28,08 28,09 28,10 «From Spring Hill to Independence». Jewish Virtual Library. Arkivert frå originalen 22. april 2016. Henta 4. september 2015. 
  29. Azoulay, Yuval (1. april 2009). «Jacobus Street, corner of Oblivion». Haaretz.com. Henta 4. september 2015. 
  30. «Dizengoff, Meir». Jewish Agency. Henta 4. september 2015. 
  31. Bridger, David (1906). The New Jewish Encyclopedia. Behrman House, Inc. s. 117. ISBN 978-0-87441-120-1. 
  32. Azaryahu, Maoz; Troen, Selwyn Ilan (2012). Tel-Aviv, the First Century: Visions, Designs, Actualities. Indiana University Press. s. 31. ISBN 9780253223579. Henta 19. april 2014. [daud lenkje]
  33. Kosharek, Noah (20. april 2009). «Seashell lottery». Haaretz.com. Henta 4. september 2015. 
  34. «Tel-Aviv Centennial – «Ahuzat-Bayit Land Lottery». engelsk.israelphilately.org.il. Arkivert frå originalen 19. oktober 2013. Henta 4. september 2015. 
  35. Bernthal, Ron. «The White City: Tel Aviv And Its Bauhaus Tradition». Travel Writer's Magazine. Arkivert frå originalen 8. januar 2008. Henta 4. september 2015. 
  36. The New York Times Current Historie. The New York Times Co. 1917. s. 167. Henta 4. september 2015. 
  37. Report of the Commission of Enquiry into the disturbances in Palestina in May 1921, with correspondence relating thereto (Disturbances), 1921, Cmd. 1540, s. 60.
  38. «Tel Aviv Historie». Travelnet.co.il. Henta 4. september 2015. [daud lenkje]
  39. Shamir, Ronen (2013) Current Flow: The Electrification of Palestina. Stanford: Stanford University Press.
  40. Regional Architecture i Middelhavet Area, ed. Alessandro Bucci, Luigi Mollo. Books.google.co.il. 2010. ISBN 9788860552938. Henta 4. september 2015. 
  41. Maya Zamir, The Day of The bombing, arkivert frå originalen 12. januar 2008, henta 4. september 2015 , Tel Aviv Magazine, 7. september 2007 (he)
  42. «Foreign Ministry reaction to the transfer of the Dutch embassy from Jerusalem to Tel Aviv». Israel's Foreign Relations: Selected Documents. Israelsk utanriksdepartement. 26. august 1980. Henta 3. juni 2007. 
  43. «Embassies and Consulates i Israel». Israel Science and Technology Homepage. Israel Science and Technology. Henta 3. september 2015. 
  44. 44,0 44,1 44,2 44,3 44,4 44,5 44,6 44,7 Arnon Golan (1995), The demarcation of Tel Aviv-Jaffa's municipal boundaries, Planning Perspectives, vol. 10, s. 383–398.
  45. «Founders Monument and Fountain». Fodors. Henta 4. september 2015. 
  46. 46,0 46,1 46,2 «City Profile» (PDF). Tel Aviv-Yafo Municipality. Arkivert frå originalen (PDF) 6. mars 2007. Henta 30 March 2008. 
  47. Kipnis, Baruch A. (2004). «Tel Aviv, Israel – A World City in Evolution: Urban Development at a Deadend of the Global Economy» (PDF). Arkivert frå originalen (PDF) 9. april 2008. Henta 30. mars 2008. 
  48. «The Gulf War». Jewishvirtuallibrary.org. Henta 4. september 2015. 
  49. Fetter, Steve; Lewis, George N.; Gronlund, Lisbeth (28. januar 1993). «Why were Casualties so low?» (PDF). Nature (London: Nature Publishing Group) 361 (6410): 293–296. doi:10.1038/361293a0. 
  50. Citation from a web travel guide about modern places i Israel, with Biblical references
  51. «Death toll». Cnn.com. Henta 4. september 2015. 
  52. «Fatal Terrorist Attacks in Israel Since the DOP (September 1993)». Det israelske utanriksdepartmentet. 24. september 2000. Henta 4. september 2015. 
  53. Serge Schmemann (5. mars 2010). «Bombing i Israel:The Overiew;4th Terror Blast i Israel Kills 14 at Mall in Tel Aviv; Nine-Day Toll Grows to 61». The New York Times. 
  54. «אתר לזכר האזרחים חללי פעולות האיבה». Laad.btl.gov.il. Arkivert frå originalen 1. mai 2012. Henta 4. september 2015. 
  55. «אתר לזכר האזרחים חללי פעולות האיבה». Laad.btl.gov.il. Arkivert frå originalen 1. mai 2012. Henta 4. september 2015. 
  56. «אתר לזכר האזרחים חללי פעולות האיבה». Laad.btl.gov.il. Arkivert frå originalen 8. mai 2012. Henta 4. september 2015. 
  57. «The Den palestinske sjølvstyresmakta-Hamas Collusion – From Operational Cooperation to Propaganda Hoax». Ict.org.il. Arkivert frå originalen 3. desember 2013. Henta 4. september 2015. 
  58. O'Sullvian, Arieh (25. november 2001). «No. 1 Hamas terrorist killed. Followers threaten revenge in Tel Aviv». Jerusalem Post. Arkivert frå originalen 23. oktober 2012. Henta 4. september 2015. 
  59. Fisher, Ian (29. januar 2006). «In Hamas's Overt Hatred, Many israelarar See Hope». New York Times. Henta 4. september 2015. 
  60. «Ynet – פיגוע בדולפינריום – חדשות». Ynet.co.il. 20. juni 1995. Henta 4. september 2015. 
  61. «USATODAY.com – Six killed, scores wounded in sucide attack on Tel Aviv bus». USA Today (McLean, VA: Gannett). 19. september 2002. ISSN 0734-7456. Henta 4. september 2015. 
  62. Steele, Jonathan (20. september 2002). «Tel Aviv bus bomb shatters hopes of truce | World news | The Guardian». The Guardian (London: GMG). ISSN 0261-3077. OCLC 60623878. Henta 4. september 2015. 
  63. «BBC NEWS | Midtausten | Fatal bus blast rocks Tel Aviv». BBC News (London: BBC). 19. september 2002. Henta 4. september 2015. 
  64. Schmemann, Serge (20. september 2002). «Suicide Bomber Kills 5 on a Bus in Tel Aviv – New York Times». The New York Times (New York: NYTC). ISSN 0362-4331. Henta 4. september 2015. 
  65. «CNN.com – Jerrold Kessel: Heart of Tel Aviv hit – 19. september 2002». cnn. 2011. Arkivert frå originalen 4. oktober 2012. Henta 4. september 2015. 
  66. Avi Kotzer
  67. Viktor Shebayev
  68. Khazzoom, Loolwa (29. september 2003). «Tel Aviv bar and bomb target slowly getting its groove back». jewishsf.com. Henta 4. september 2015. 
  69. 69,0 69,1 «Syria-based Islamsk Jihad claims role for Tel Aviv bombing». Usatoday.com. 26. februar 2005. Henta 4. september 2015. 
  70. «Major Terrorist Attacks i Israel». Anti-Defamation League. Arkivert frå originalen 14. januar 2013. Henta 19. juli 2007. 
  71. «Terror Attack Outside Tel Aviv Nightclub Filled With 2 000 Teenagers». Abcnews.go.com. 29. august 2011. Henta 4. september 2015. 
  72. «'Apparent explosion' rocks Tel Aviv bus: israelske police». Al arabarariya. 21. november 2012. Henta 4. september 2015. 
  73. «Terrorist blows up bus in central Tel Aviv; 10 injured». Jerusalem Post. 21. november 2012. Henta 4. september 2015. 
  74. «Terrorist Attack on Bus in Tel Aviv». Arutz Sheva. 21. november 2012. Henta 4. september 2015. 
  75. «Blast on bus in heart of Tel Aviv». Ynet News. 21. november 2012. Henta 4. september 2015. 
  76. «Israel-Gaza crisis: 'Bomb blast' on bus in Tel Aviv». BBC. 21. november 2012. Henta 4. september 2015. 
  77. «Cities located close to Tel Aviv». TimeandDate.com. Henta 4. september 2015. 
  78. «Map of Israel». Carta. 
  79. Yarkoni, Amir. «Real Estate in Tel Aviv – continued». Tel Aviv Insider. Arkivert frå originalen 24. juni 2008. Henta 4. september 2015. 
  80. 80,0 80,1 «Averages and Records for Tel Aviv (Precipitation, Temperatur and Records [Excluding February and May] written i page)». Israelsk meteorologiske institutt. Henta 4. september 2015. (he)
  81. «Extremes for Tel Aviv [Records of February and May]». Israelsk meteorologiske institutt. Henta September 2015. (he)
  82. «Climatological Information for Tel Aviv i Israel». Hong Kong Observatory. Arkivert frå originalen 4. mars 2016. Henta September 2015. 
  83. Tel Aviv Climate and Weather Averages, Israel
  84. 84,0 84,1 84,2 «Tel Aviv-Yafo in Numbers» (PDF). Tel Aviv-Yafo Municipality. July 2006. Arkivert frå originalen (PDF) 24. november 2007. Henta 27 January 2008. 
  85. «Tel Aviv universitet». QS Top Universities. Henta 19. juli 2007. 
  86. «Higher Education». Jewish Virtual Library. Henta 4. september 2015. 
  87. «TAU Historie». Tel Aviv universitet. Arkivert frå originalen 8. november 2007. Henta 4. september 2015. 
  88. «Higher Education : Colleges in Israel». Israel Science and Technology Directory. Henta 5. juli 2021. 
  89. «Gymnasia Herzlia» (på hebraisk). Arkivert frå originalen 21. august 2010. Henta 4. september 2015. 
  90. «Results Of The Knight Frank Global Cities Survey». Arkivert frå originalen 2. november 2012. Henta 4. september 2015. 
  91. «Tel Aviv ranked world's 3rd hottest city for 2011». Henta 1. november 2010. 
  92. «World's Best Awards 2011 – the Middle East and Africa». Henta 4. september 2015. 
  93. 93,0 93,1 «Top 10 Beach Cities». Henta 4. september 2015. 
  94. Goldman, Yoel (12 June 2012). «MasterCard ranks Tel Aviv as fifth most visited city in Middle East and Africa». The Times of Israel. Henta 12 June 2012. 
  95. Sapty, Tanya (19 July 2011). «Tourists rank Jerusalem and Tel Aviv among top cities to visit». Haaretz. Arkivert frå originalen 12. november 2011. Henta 19 July 2011. 
  96. Brijbassi, Adrian (15. mars 2011). «5 best Irish pubs not in Irland». Toronto Star. Henta 4. september 2015. 
  97. «Tel Aviv bus tour». Tel Aviv City Tours. Arkivert frå originalen 28. august 2008. Henta 19. januar 2008. 
  98. «Tel Aviv Statistical Overview». Tel Aviv-Yafo Municipality. Arkivert frå originalen 13. september 2014. Henta 4. september 2015. 
  99. Absolut bottle dedicated to Tel Aviv
  100. «one of the coolest places in Tel Aviv». buggl. 2. juni 2014. Arkivert frå originalen 23. september 2015. Henta 2. juni 2014. 
  101. Benwick, Bonnie S. (4. april 2010). «Tasting Tel Aviv, Israel's culinary capital». Washington Post. Henta 4. april 2010. 
  102. Saradas-Trutino, Sarit (28. januar 2008). «Israel becomes sushi mecca». Ynetnews. Henta 4. september 2015. 
  103. Slater, Robert (2003). Great Jews in Sports. Jonathan David Company, Inc. s. 19. ISBN 978-0-8246-0453-0. Henta 4. september 2015. 
  104. «Hapoel Tel Aviv». Fotw.net. Henta 19. juli 2007. 
  105. «10 000 athletes to run in Tel Aviv half marathon». Arkivert frå originalen 12. november 2008. Henta 4. september 2015. 
  106. «Thousands sport sneakers for Tel Aviv marathon». Haaretz. Israel. Henta 8. april 2011. 
  107. «Israel Newspapers». Abzynewslinks.com. Henta 31. januar 2008. 
  108. «Tel Aviv Israel news media». Mondotimes.com. Henta 31. januar 2008. 
  109. «City Twinnings». Stadt Bonn. Arkivert frå originalen 10. april 2013. Henta 1. august 2013. 
  110. «Budapest - Testvérvárosok» [Budapest - Twin Cities]. Budapest Főváros Önkormányzatának hivatalos oldala [Offisiell nettstad of the Municipality of Budapest] (på ungarsk). Arkivert frå originalen 9. august 2013. Henta 14. august 2013. 
  111. «Oraşe înfrăţite (Twin cities of Minsk) [via WaybackMachine.com]» (på rumensk). Primăria Municipiului Chişinău. Arkivert frå originalen 3. november 2012. Henta 21. juli 2013. 
  112. «Tel Aviv sister cities». Henta 4. august 2013. 
  113. «Miasta partnerskie - Urząd Miasta Łodzi [via WaybackMachine.com]». City of Łódź (på polsk). Arkivert frå originalen 24. juni 2013. Henta 21. juli 2013. 
  114. ערים שותפות, arkivert frå originalen 17. desember 2015, henta 4. september 2015 
  115. «Panama City and Tel Aviv Sign Agreement to Become Sister Cities». Caribbean Journal. Henta 25. juni 2013. 
  116. «Pesquisa de Legislação Municipal - No 14471» [Research Municipal Legislation - No 14471]. Prefeitura da Cidade de São Paulo [Municipality of the City of São Paulo] (på portugisisk). Arkivert frå originalen 18. oktober 2011. Henta 23. august 2013. 
  117. Lei Municipal de São Paulo 14471 de 2007 WikiSource

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Tel Aviv
Reiseguide for Tel Aviv frå Wikivoyage