Telemark fylke

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Telemark)
Gå til: navigering, søk
Telemark fylke
Våpen Kart
Adm.senter Skien
Areal 15 315 km²
Folketal 169 516 (1. juli 2011)
Nettstad www.telemark.no
Politikk
Fylkesordførar Gunn Marit Helgesen, H (2007)
Fylkesmann Kari Nordheim-Larsen
Målform Nøytral
Folketalsutvikling 1951-2010[1]
Befolkningsutvikling Telemark fylke.svg
Telemark fylke på Commons

Telemark er eitt av 19 fylke i Noreg og ligg på den sørvestre delen av Austlandet. Det grensar til Vestfold i søraust, Buskerud i nordaust, Rogaland og Hordaland i nordvest og Aust-Agder i sørvest.

Fylket dannar på fleire måtar ein overgang frå Austlandet til Sørlandet og Vestlandet, både geografisk, topografisk, kulturhistorisk og språkleg. Til vanleg kan Telemark delast i fire regionar: Grenland i søraust, Aust-Telemark i nordaust, Midt-Telemark mellom dei to førstnemnde og Vest-Telemark i vest. Skien som ligg i søraust er administrerande senter og den største av sju andre byar i fylket.

Fylkesvåpenet vart fastsett i 1970. Det synar på gull botn ei oppveksande svart bondestridsøks og symboliserer vern og vørdnad. Fylkesblomsteren til Telemark er systermarihand, fylkessteinen er brynestein og fylkesfuglen er linerle.

Innhaldsliste

[endre] Samferdsle

Innanfor Telemark var vassdraga viktigaste ferdselsåre kring 1900. Vassdraget frå Skien til Notodden vart kanalisert i 1861, og til Dalen i 1892. Dette følgde til vegbygging mellom anløpsstadene til kanalbåtane og dei nærliggjande bygdene. No til dags har vassdraga og kanalane berre nytte for turisttrafikken sommarstid. E 18 er hovudvegsambandet for dei sørlege delane av fylket, i Grenlandsområdet. E 134 er viktigaste vegsamband i dei indre delane av fylket over Notodden, Seljord, Vinje og Haukelifjell. Rv. 36 som går frå Eidanger til Seljord bind E 18 og E 134 saman, og fungerer som hovudveg frå nordlege delar av Telemark til Grenlandsområdet. Viktige vegar elles femner Rv. 37 frå Kongsberg over Rjukan til Vinje, Rv. 38 frå Kragerø gjennom Drangedal og Vrådal til Dalen og Rv. 41 frå Brunkeberg i Kviteseid gjennom Nissedal til Arendal. Om sommaren er det samband frå E 134 i Høydalsmo gjennom Dalen vestover om Setesdal og Sirdal til Stavanger. Til saman har Telemark 4103 km offentlege vegar.

Første jernbane i Telemark vart opna i 1882 på vegstykket Larvik-Eidanger-Skien. Sørlandsbanen som vart bygd 1920-27, går gjennom Telemark frå Meheia, gjennom Sauherad, , Lunde og Drangedal til Aust-Agder. Ei sidelinje går nordover til Notodden og Tinnoset og sørover til Skien. Skien og Porsgrunn har sitt hovudsamband med Oslo om Vestfoldbanen. Lokaltogsambandet går Porsgrunn-Skien-Nordagutu-Notodden. Telemark har flyplassar i Skien, Notodden og Fyresdal.

[endre] Klima

Telemark har ei kort kystripe, og her og i låglandet kring Langesundsfjorden strøymer det ofte inn havluft mot områda kring nedre del av Skiensvassdraget. Dei indre, lågare områda vert ikjke like påverka av denne lufta, men dei store innsjøane her medverkar til å dempe og forseinke vinterkulda. Den kaldaste månaden er januar og temperaturen varierer då frå kring–2 °C ved kysten til kring –8 °C i indre strøk. Gaustatoppen har –12 °C. Den lågaste målte minimumstemperaturen er kring –25 °C ved kysten og under –35 °C i enkelte indre strøk. Middel for juli er 16–17 °C i låglandet og i dalane, og søkk til kring med kring 0.7 grader per 100 meter oppover i høgda. Den høgaste målte temperaturen er kring 30 °C ved kysten, og opp til kring 33 °C i indre strøk.

Årsnedbøren er jamnt over 800–1200 mm, litt mindre i indre, lågare strøk, og til dels ein god del meir i fjellområda. I innlandet kjem det mest nedbør om sommaren, medan det ved kysten kjem mest om hausten.

Retninga til dalføra og skjerminga til fjella gjer at det forholdsvis lite vind. Sterke vestlege luftstraumar kan derimot slå ned innimellom og verte forsterka av innsnevringar i dalane. Ved Tinnsjøen har tog blåst av sporet i samband med stormbyer gjennom Vestfjorddalen. Ved kysten bles det oftast frå sørvest om sommaren og frå nordaust om vinteren. Ein sjeldan gong kan pålandsvind av storm styrke føre til store skadar på grunn av opprørt hav og høg vasstand. Det er forholdsvis ofte tåke og tåkedis i Grenlandsområdet, om lag 5 % av året. Den store vassføringa i elva vinterstid fører til at det vert danna is på sjøen frå Langesundfjorden og vestover.

[endre] Administrasjon

Skien er administrerande senter med sete for fylkesmannen og administrasjonen i fylkeskommunen. Telemark har 18 kommunar og femner fem prosti med 30 prestegjeld og 63 sogn, vidare fem tingrettsdistrikt og eitt politidistrikt med 17 lensmanns- og politistasjonsdistrikt.

[endre] Kommunar

Regionar i Telemark fylke██ Vest-Telemark██ Aust-Telemark██ Midt-Telemark██ Grenland██ Vestmar
Nr. Namn Folketal Areal km² Region
0805 Porsgrunn kommune Porsgrunn 000000000035193.000000000035 193 000000000000165.0000000000165 Grenland
0806 Skien kommune Skien 000000000052459.000000000052 459 000000000000779.0000000000779 Grenland
0807 Notodden kommune Notodden 000000000012446.000000000012 446 000000000000919.0000000000919 Aust-Telemark
0811 Siljan kommune Siljan 000000000002423.00000000002 423 000000000000214.0000000000214 Grenland
0814 Bamble kommune Bamble 000000000014104.000000000014 104 000000000000304.0000000000304 Grenland
0815 Kragerø kommune Kragerø 000000000010683.000000000010 683 000000000000305.0000000000305 Vestmar
0817 Drangedal kommune Drangedal 000000000004123.00000000004 123 000000000001063.00000000001 063 Vestmar
0819 Nome kommune Nome 000000000006588.00000000006 588 000000000000430.0000000000430 Midt-Telemark
0821 Bø kommune 000000000005773.00000000005 773 000000000000263.0000000000263 Midt-Telemark
0822 Sauherad kommune Sauherad 000000000004312.00000000004 312 000000000000321.0000000000321 Midt-Telemark
0826 Tinn kommune Tinn 000000000005993.00000000005 993 000000000002045.00000000002 045 Aust-Telemark
0827 Hjartdal kommune Hjartdal 000000000001610.00000000001 610 000000000000792.0000000000792 Aust-Telemark
0828 Seljord kommune Seljord 000000000002960.00000000002 960 000000000000715.0000000000715 Vest-Telemark
0829 Kviteseid kommune Kviteseid 000000000002489.00000000002 489 000000000000708.0000000000708 Vest-Telemark
0830 Nissedal kommune Nissedal 000000000001427.00000000001 427 000000000000905.0000000000905 Vest-Telemark
0831 Fyresdal kommune Fyresdal 000000000001330.00000000001 330 000000000001281.00000000001 281 Vest-Telemark
0833 Tokke kommune Tokke 000000000002291.00000000002 291 000000000000985.0000000000985 Vest-Telemark
0834 Vinje kommune Vinje 000000000003707.00000000003 707 000000000003106.00000000003 106 Vest-Telemark
Totalt Telemark våpen.svg Telemark 000000000169516.0000000000169 516 000000000015315.000000000015 315 Telemark

[endre] Bakgrunnsstoff

[endre] Kjelder

[endre] Referansar

  1. Vertikale strekar markerer grenseendringar. Kjelde: SSB
Personlege verktøy
Namnerom

Variantar
Handlingar
Navigering
Skriv ut / eksporter
Verktøy
På andre språk