Telemarkskøyring

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Karakteristisk telemarksposisjon.

Telemarkskøyring er ein skiteknikk som er brukt for å forsere bratt og snødekt terreng. Denne teknikken er karakterisert ved at bindinga er festa til skistøvelen berre ved tåa og har laus hæl som kan lyftast frå skia. Dette gjev stor rørslefridom, og er tydeleg i den karakteristiske telemarksstilen der ein fører tyngda på ytre ski, som vert ført fram slik at indre ski kjem i ei svak plogstilling. Knea vert deretter bøygde slik at hælen vert lyfta opp frå skia.

Sondre Norheim frå Morgedal har medverka til å gjere telemarksvingen vidkjend sidan 1860-åra. Svingteknikken vart etter innføringa av alpine skibindingar, med hælen festa til skia, i hovudsak brukt i skirenn på fjell. Teknikken vart populær i Noreg frå 1980-åra, og fyrste noregscup vart arrangert i sesongen i 1984. Frå å ha vorte mest brukt utanfor preparerte skispor, er han no også vanleg å sjå i skitrekk. I dag har telemarkskøyring eigen komitè i Norges Skiforbund med offisielt NM frå 1994. Det har òg vore arrangert VM i telemarkkøyring, fyrst uoffisielt frå 1987 og sidan 1995 som offisielt VM.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Telemarkskøyring