Telemarkskanalen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Telemarkskanalen
Slusene ved Vrangfoss i Bandakkanalen, ein del av Telemarkkanalen, på 1880-talet.
Foto: Axel Lindahl/Nasjonalbibliotekets arkiv

Telemarkskanalen er ein kanal i Telemark som hovudsakleg blei bygd for transport av varer og passasjerer, tømmerfløting og for å hindre flaum. Då han stod ferdig blei kanalen omtala som «det åttande underverket

Telemarkskanalen er sett saman av to opphavlege kanalar. «Norsjø-Skienskanalen», med slusene i Skien og ved Løveid vart bygd i tida 18541861 og er den eldste av dei to kanalane. Den andre opphavlege kanalen, «Bandak-Nordsjøkanalane», vart opna i 1892.

Telemarkskanalen har 18 slusekammer, er 105 kilometer lang og har ein høgdeskilnad på 72 meter. Det største sluseanlegget er Vrangfoss som har fem slusekammer og ei løftehøgd på 23 m. Passasjerbåtane MS «Henrik Ibsen» og MS «Victoria» går i turisttrafikk frå Skien til Dalen i Tokke kommune. «Victoria» har trafikkert Telemarkskanalen sidan 1870.

Etter at «Norsjø-Skienskanalen» opna vart det sett i gang båtbygging ovanfor slusene.[1]

Båtar[endre | endre wikiteksten]

Dei første båtane som trafikkerte vatna var hjulpdamparar. Men desse var for breie til å trafikkere dei nye kanalane.[2]

Hjulbåtar[endre | endre wikiteksten]

Passasjerbåtar[endre | endre wikiteksten]

Båtar som har seigla på Telemarkskanalen er:

Små lokalbåtar[3][endre | endre wikiteksten]

Lastebåtar[endre | endre wikiteksten]

Slepebåtar[endre | endre wikiteksten]

  • Træk
  • Elvprinsen
  • Ulefos
  • Rusla
  • Gamle Stærk
  • Nye Stærk

Sluseoversyn[endre | endre wikiteksten]

Sluse Løftehøgd Kammer Slusetid
Skien 5 m 1 stk 20 min
Løveid 10,3 m 3 stk 35 min
Ulefoss 10,7 m 3 stk 40 min
Eidsfoss 10 m 2 stk 30 min
Vrangfoss 23 m 5 stk 60 min
Lunde 3 m 1 stk 15 min
Kjeldal 3 m 1 stk 15 min
Hogga 7 m 2 stk 25 min

Maksimumsmål for trafikk i Telemarkskanalen:

Måleeining > Meter Fot Merknader
Mastehøgd 16 52,5 12,8 m Ulefoss–Dalen
Lengd 31,4 100
Breidd 6,6 21
Kjøldjupn 2,5 8

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]