Telenor Arena

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Denne artikkelen handlar om arenaen på Fornebu. For arenaen i Karlskrona med same namn, sjå Telenor Arena Karlskrona.
Telenor Arena
Telenor Arena Eurovision 2010.JPG
Offisielt namn Telenor Arena
Stad Fornebu i Noreg
Adresse Widerøeveien 1
1360 Fornebu
Eigar Stabæk Holding
Kjell Ulrichsen
Drift Fornebu Event AS
Stabæk Fotball
Brukarar Stabæk
Underlag Kunstgras
Banestorleik 105 m x 68 m
Kapasitet 15 000 (fotball)
25 000 (konsertar)
Arkitekt HRTB AS Arkitekter MNAL
Pris 300 millionar NOK
Historiske årstal
Påbegynt
2006
Opna
2009
Stengt
Hendingar

Heimekampane til Stabæk
Eurovision Song Contest 2010

Telenor Arena, tidlegare kjend som Fornebu Arena, på Fornebu i Bærum kommune i Noreg, er Nord-Europas største multi-bruk innandørs arena. Arenaen, som har sjølvberande og heildekkande tak, vart snøgt ein ettertrakta arena for store underhaldningsprogram, som AC / DC, Tina Turner, Metallica, Andre Bocelli og Eurovision Song Contest 2010. Areanen var òg heimebanen til fotballklubben Stabæk Fotball i Bærum, men etter 2011-sesongen måtte klubben flytte attende til sin opphavlege arena, Nadderud stadion i nærleiken av Bekkestua i Bærum.

Telenor Arena har ein kapasitet på 15 000 tilskodarar til fotball og 25 000 til konsertar. Arenaen hadde kunstgras, men dette vart fjerna i samband med at det vart slutt på at Stabæk Fotball fekk nytte hallen. Byggjekostnaden skal ha vore rekna til 585 millionar kroner, inkludert det tilhøyrande næringsområdet.

Fornebu Arena fotografert i februar 2009.
Foto: Kjetil Ree