Teleskop

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Prinsipp for enkelt linseteleskop (refraktor)

Eit teleskop (frå gresk tele, 'fjern' og skopein, 'å sjå') er eit instrument og eit optisk hjelpemiddel for å observere fjerntliggande objekt. Teleskop vert nytta for å observere i ein del av det elektromagnetiske spekteret. Dei vanlegaste teleskopa er for synleg lys, men andre variantar kan avbilde radiobylgjer, infraraudt, ultrafiolett eller enda kortare bølgjelengder som gammastråling. Teleskop kan vere små som kikkertar for bruk på relativt små avstandar til svært store astronomiske teleskop som kan sjå mot yttergrensene til det observerbare universet.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]