Teleskoplastar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Weidemann teleskoplastar som stablar rundballar.

Teleskoplastar er ei nærskyld maskin til gaffeltruckar, hjullastarar og mobilkraner. Teleskoplastarar har ein gaffel plassert på enden av ein teleskopisk bom som kan skuvast ut og trekkjast saman hydraulisk[1].. Maskinane finst i mange ulike storleikar, frå små, lette maskinar som vert nytta innan jordbruk til store, kraftige maskinar som vert nytta til tunge løft på byggeplassar og liknande[2]. Teleskoplastarar har ofte store hjul og firehjulsdrift, slik at dei kan nyttast på ujamnt og sleipt underlag. Nokre teleskoplastarar er utstyrte med firehjulsstyring, slik at dei kan nyttast der det er trongt om plassen[2].

Tilleggsutstyr[endre | endre wikiteksten]

JCB teleskoplastar med pallegaffel.

I staden for gaffel kan teleskoplastarar verta utstyrte med grus/jordskuffe og nyttast til lett anleggsarbeid. Utstyrte med ein forlengarbom kan dei nyttast til å løfta byggjematerialar. Det finst òg mannskapskorger som gjer dei i stand til å lyfta mannskap, men dei kan ikkje verta manøvrert like nøyaktig som kraner som står på støttelabbar.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Bell, B, Farm machinery, 4. utg., Farming Press, 1996,
  2. 2,0 2,1 König, H., Maskinen im Baubetrieb, 2. utg., Vieweg+Teubner Verlag, 2008.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Teleskoplastar