Teletårnet i Leirvik

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bilete av teletårnet sett frå Torgbakken
Leirvik sentrum sett frå Onarheimsparken med teletårnet godt synleg til høgre i biletet

Teletårnet i Leirvik er eit 68 meter høgt telekommunikasjonstårn i Leirvik sentrum på Stord med adresse Jens Hystadvegen 6.[1]

Tårnet vart bygd for Televerket. Det var tett 25. august 1987 og vart ferdigstilt i september 1987, med unntak av stålmasta på toppen.[2] Den vart montert av televerket seinare.[3]

Tårnet vart møtt med kritikk blant mange av lokalbefolkninga då det vart bygd eit slikt høgt tårn midt i sentrum. Trass i dette har tårnet etterkvart utvikla seg til å verta den meste ikoniske bygningen i Leirvik og eit kjent landemerke.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Norkart». Kommunekart. 
  2. «E-Pages». www.e-pages.dk. 
  3. «E-Pages». www.e-pages.dk.