Teletskojesjøen
| Teletskoke Altyn-Köl |
|
|---|---|
|
|
|
| Stad | Republikken Altaj |
| Koordinatar | Koordinatar: |
| Tilsig | Tsjulysjman (70 elvar og 150 midlertidige elver) |
| Utsig | Bija |
| Tilknytte land | Russland |
| Største lengde | 78 km |
| Største breidde | 5 km |
| Overflateareal | 233 km² |
| Vassvolum | 40 km³ |
| Høgd over havet | 434 moh |
Teletskoje (russisk Озеро Телецкое, altaj: Алтын Кӧл, Altyn-Köl) er den største innsjøen i Altajfjella og republikken Altaj i Russland. Han er ein av dei 25 djupaste innsjøane i verda med eit djup på 325 meter.[1]
Han ligg 434 meter over havet, er 78 km lang og 5 km brei. Teletskjoje er plassert mellom fjellryggane Korbu og Al-tyntu der Sailughemfjella møter Vest-Sajan-fjella. Han har eit areal på 233 km², men sidan han er så pass djup som 325 meter inneheld han så mykje som 40 km³ vatn. Vatnet i innsjøen er klårt og har ei sikt på seks til fjorten meter.
Det renn om lag 70 elvar og 150 midlertidige elvar ut i innsjøen. Den største av desse er Tsjulysjman som står for meir enn halvparten av vssstilførselen til innsjøen. Innsjøen har eitt utløp gjennom elva Bija, som etter å ha slått seg saman med Katun dannar ei av dei største elvane i Sibir, elva Ob.
Innsjøen er omgjeve av 600-1300 meter høge fjell i nord og om lag 1700-2400 meter høge fjell i sør. Teletskoje er ein del av Altajskij naturreservat. Reservatet er i lag med Katun naturreservat og Ukokplatået innskrive på verdsarvlista til UNESCO under namnet «Dei gylne fjella i Altaj».[2]
[endre] Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Lake Teletskoye» frå Wikipedia på engelsk, den 1. september 2008.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Altai Reserve. altai-republic.ru. Vitja 1. september 2008.
- ↑ Altai - Pearl of Siberia. Vitja 1. september 2008.