Tell Me (You’re Coming Back)

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
«Tell Me (You’re Coming Back)»
Singel av The Rolling Stones
B-side «I Just Want to Make Love to You» (Willie Dixon)
Utgjeve 13. juni 1964
Innspelt Februar 1964
Sjanger Beat
Lengd 4:05
Selskap London 45-LON 9682
Låtskrivar(ar) Jagger/Richards
Produsent Andrew Loog Oldham
The Rolling Stones-kronologi
«It’s All Over Now»
(1964)
«Tell Me (You’re Coming Back)» «Time Is on My Side»
(1964)

«Tell Me (You’re Coming Back)» er ein song av The Rolling Stones frå debutalbumet deira The Rolling Stones frå 1964. Han vart seinare gjeve ut som singel i USA, og vart den første songen skriven av Jagger/Richards som vart gjeven ut som A-side.

Songen er skriven av vokalist Mick Jagger og gitarist Keith Richards som ein popballade.

«Tell Me» vart spelt inn i London i februar 1964 og to versjonar, ein med Ian Stewart på piano, og ein utan.[1][2]

I august 1964 vart «Tell Me» gjeve ut som singel i USA. Han nådde 24. plass og låg på Billboard Hot 100 totalt 10 veker. B-sida var ei utgåve av Willie Dixon-songen «I Just Wanna Make Love to You».

Songen vart nytta i Martin Scorsese-filmen Mean Streets (1973).

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Nico Zentgraf. The Complete Works of the Rolling Stones 1962-2008. Vitja 23. februar 2009.
  2. Martin Elliott (2002) The Rolling Stones: Complete Recording Sessions 1962-2002, s. 22-23 – Cherry Red Books. ISBN 1-901447-04-9.