Telttak

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Telttak på tårnet på Vår Frue kyrkje i Trondheim.

Telttak er ei arkitektonisk nemning på tak som har tre eller fleire trekanta takflater, som oftast fire, som dannar ein spiss øvst oppe. Har taket kvadratisk grunnflate, som er det vanlege for denne typen tak i Noreg, vert det ofte kalla pyramidetak i staden for telttak. Telttaka kan vere høge eller særs låge.

Telttak på tårnet på Gamle Aker kyrkje i Oslo.

Den i og for seg misvisande nemninga telttak har sitt opphav i dei gamle telttypane med ein einaste teltstong plassert midt i teltet for å halde duken oppe, men gjeld berre permanente tak på bygningar, ikkje mellombels tak av duk eller presenning, eller tak på telt.

Telttak er som oftast nytta på kyrkjetårn, som i Noreg tradisjonelt vert bygd med tilnærma kvadratisk grunnflate. I somme høve finst telttak på andre bygningar med tilnærma kvadratisk grunnflate, særleg tårnliknande bygningar. Til dømes er det telttak på det breie, massive tårnet som er ein del av bygningen som hyser dei kulturhistoriske samlingane ved Bergen Museum i Bergen. Sentraltårnet på Vikingskipshuset på Bygdøy i Oslo har òg eit telttak, eller altså eit pyramidetak.