Telys

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Brennande telys.

Telys eller teljos er låge levande lys som er breie nok til å stå på eiga hand. Telys kan brukast til å varma mat og drikke, som pynt, eller til å skapa ein viss atmosfære.

Ulike utformingar av telys.
Foto: Bastian Frank

Utforming[endre | endre wikiteksten]

Telys der den smelta voksen er heilt klar.
Foto: Bryan Tong Minh

Telys er laga av brennbar voks som ofte smelter heilt under oppvarming, til dømes stearin, parafin eller vegatabilsk feitt.[1] Dei er dermed ein enkel form for oljelampe. Lysmassen kan vera kvit, farga, eller tilsett godlukt. Lysa er typisk små, sirkulære, breiare enn dei er høge, og dei er oftast billige.

Sjølve lyset sit gjerne oppi ein tettsitjande behaldar, tradisjonelt av aluminium, seinare også plast. Plasten er gjerne gjennomskinneleg, slik at ein ser meir av lyset, og kan vera farga.

Veiken er som regel festa nedst i lyset med ein liten metallhaldar.

Bruk[endre | endre wikiteksten]

Telys brukt til å varma te i ei tekanne.
Foto: Peter Merholz

Telys kan brukast som te-lys, det vil seia til å halda varm te, anna drikke, varme matretter og særskilde retter som fondy.

Telys i St. Johannes Baptist-kyrkja i Bad Saulgau i Baden-Württemberg.
Foto: Dietrich Krieger

Ein kan plassera telys på ei rekkje ulike flater, både i ei rekkje ulike telysestakar, på bakken eller i snølykter. Slik kan ein bruka dei til å gje ulike effektar. Ein bruker mellom anna telys til å skapa hygge heime eller ute, og som kyrkjelys.

Brannfare[endre | endre wikiteksten]

Som med alle andre levande lys bør ein ikkje forlata brennande telys på grunn av brannfare. Brennbare dekorasjonar eller flater lyset står på kan alltid ta fyr. Sidan telys er lette å plassera kvar ein vil, er det òg lett å setja dei på ein utrygg stad, eller å setja for mange saman slik at dei saman skaper overoppheiting. Det finst òg døme på at plasthaldarar til telys har teke fyr.

Sjå og[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar
  1. For lystypen «Tindra» oppgjev IKEA «parafin/vegetabilsk voks Arkivert 2009-02-10 ved Wayback Machine.».

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Telys