Tema:London

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

VELKOMMEN TIL TEMASIDA OM LONDON


endre  

Om byen


Big Ben er eit landemerke i London

London er hovudstaden i Storbritannia og er ein storby som ligg sør i England ved elva Themsen. London er ein av dei største byane i Europa, har ei historie som strekker seg to tusenår attende, og har i løpet av den tida vore senter for fenomen som renessansen og den industrielle revolusjonen. Sentrumet City of London har stort sett hatt dei same grensene fram til i dag, men sidan 1900-talet har omgrepet London blitt nytta om heile metropolen rundt. Dette området er i dag ein region i England og har sin eigen administrasjon med valt borgarmeister og forsamling.

Byen er i moderne tid eitt av dei viktigaste politiske, økonomiske og kulturelle sentra i verda. Mykje av grunnen til dette er at London var hovudstad for det britiske imperiet, og dermed maktsenter for store delar av kloden i nær tre hundre år.

Sjølve byen har 7 500 000 innbyggjarar, men om ein reknar heile storbyområdet, kjem ein opp i mellom 12 og 14 millionar innbyggjarar. Byen er med det den største i EU etter folketal. Les meir…



endre  

Utvald artikkel


{{{2}}}

London Underground ofte berre kalla the Underground eller the Tube) er eit kollektivtransporttilbod som består av elektriske tog som køyrer i tunnelar under det sentrale London og i dagen gjennom forstadane til byen. Den første strekninga blei opna i 1863, noko som gjer banen til det eldste metrosystemet i verda.

Sidan 2003 har undergrunnsbanen vore ein del av Transport for London (TfL), som også har det overordna ansvaret for koordinasjon og planlegging av bussrutene i byen, trikkelinjer, Docklands Light Railway, bussterminalen Victoria Coach Station, regulering av taxi-tenester og eit fåtal lokale jernbaneliner i byen. Tidlegare blei undergrunnsbanen drive av London Regional Transport, som var direkte underlagt dei nasjonale myndigheitene.

Det er pr. februar 2007 268 opne stasjonar, og meir enn 408 km med liner som er i bruk. Banen fraktar omkring tre millionar passasjerar dagleg; i åra 1999 og 2000 blei det gjort tilsaman 927 millionar reiser, og i 2007 reiste over ein milliard med banen. I tillegg til dei opne stasjonane finst det fleire eldre stasjonar som er nedlagde. Les meir...


endre  

Utvald bilete


TOWER BRIDGE


Tower Bridge London Feb 2006.jpg


Tower Bridge er ei bru i London, som går over elva Themsen. Ho ligg i nærleiken av Tower of London, noko som har gitt henne namnet sitt. Brua blir nokre gonger feilaktig omtalt som London Bridge, som faktisk er ei anna bru, ikkje langt unna. Den opphavlege grunnen til at den blei bygd som ei klaffebru, var for å at skipstrafikk skulle gå igjennom. Klaffane blei opphavleg drivne av seks dampmaskinar og kunne bli løfta på eitt minutt. Meir...



endre  

Utvald sitat


« Når ein mann er trøytt av London er han trøytt av livet; for i London finst alt som livet kan by på  »
~ Samuel Johnson (1709-1784)



endre  

Kategoriar


endre  

Sjå òg


endre  

Visste du at...




endre  

Parlamentet


PalaceOfWestminsterAtNight.jpg



endre  

Transport


London har eit av dei eldste og mest kjende kollektivtransportsystema i verda. Det er no styrt av Transport for London (TfL), som er ansvarleg for all offentleg transport innanfor Stor-London.

London Bus.jpg Hackney carriage.jpg Westminster.tube.station.jubilee.arp.jpg Tramlink-Beckenham Jn.jpg Britaw.a319-100.g-eupu.arp.jpg

I London har ein mange ulike transportformer, buss, jarnbane, undergrunnsbane og fly i tillegg til vanleg biltransport med utgangspunkt i M25, ein ringveg som går rundt heile London.



endre  

På Wikimedia


London på  Wikinytt  London på  Wikifrasar  London på  Wikibøker  London på  Wikisource  London på  Wiktionary  London på  Wikiversity  London på Wikimedia Commons
Frie nyhende Frie sitat Frie bøker og manualar Frie kjeldetekstar Ordbok og synonymordbok Frie læremiddel Felles medialager
Wikinews-logo.svg
Wikiquote-logo.svg
Wikibooks-logo.svg
Wikisource-logo.svg
Wiktionary-logo-en.svg
Wikiversity-logo-en.svg
Commons-logo.svg


endre  

Hovudtema på Nynorsk wikipedia