Temadiskusjon:Industri og næringsliv

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Etter at eg hadde laga Tema:Næringsliv gjekk det opp for meg at Kategori:Næringsliv og Kategori:Industri inneheld mykje av det same. Eg kom òg til å tenkja på at omgrepet «industri og næringsliv» ofte går att i massemedia og i den norske samfunnsdebatten generelt. Søk på Google resulterte i fyljande treff: næringsliv: 4530000, industri: 26300000, industri og næringsliv: 565000. Så etter å ha tenkt meg litt om flytta eg difor Tema:Næringsliv til Tema:Industri og næringsliv.

Kanskje Kategori:Næringsliv og Kategori:Industri burde slåast saman til Kategori:Industri og næringsliv? Men det kan òg vera at det er mest naturleg at «Industri» ligg under Tema:Industri og næringsliv. --Sigmundg 9. desember 2008 kl. 02:44 (CET)[svar]

Det er kanskje ikkje så dumt at industri står som ein undrkategori til næringsliv, på same måte som primarnæringar osv.? --Sigmundg 9. desember 2008 kl. 03:04 (CET)[svar]