Tempel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Døme på tempel

Noverande religionar:

  • Buddhistisk tempel
  • Djaintempel
  • Hindutempel
  • jødisk tempel
  • Mormontempel
  • Ortodoks tempel
  • Parsartempel

Tidlegare religionar:

  • Romersk tempel
  • Gresk tempel
Tempel til Hefaistos i Aten.
Buddhisttempelet Daigoji i Japan.

Tempel er ei nemning som blir brukt om heilage bygningar innan mange religionar. Ordet kjem frå latin templum som tyder 'heilag stad'. Eit tempel blir som regel rekna som ein stad der ein guddom held til, og ein utfører gjerne ei form for tilbeding der. Det finst ofte reglar for kven som kan koma inn og korleis ein skal oppføra seg i tempel.

Bruk av ordet[endre | endre wikiteksten]

Tempel er eit vidt omgrep som kan femna om gudshus innan fleire religionar. Det blir noko sjeldnare brukt innan dei abrahamittiske religionane, der muslimar aldri vil omtala ein moské som eit tempel, dei fleste kristne har mange ulike namn på sakralbygg men bruker sjeldan tempel, og jødar ofte samlar seg i ein synagoge eller shul ettersom Tempelet i Jerusalem ikkje finst lenger. Det finst likevel kristne tempel innan ortodoks kristendom og mormontrua, og mange reformjødar brukar ordet tempel om gudshus.

Kvinne i eit tempel på Taiwan.

Bruk av tempel[endre | endre wikiteksten]

Truande kan gå til tempel for å tilbe guddommar, til dømes ved å be, utføra offerhandlingar, og bli signa av gudebilde eller prestar. Ein kan òg gå til tempel for å vera saman med andre truande.

Det kan stillast visse krav til dei som vil inn i tempel, som at dei skal vera (rituelt) reine og passande påkledde. I visse religionar får berre dei som høyrer til religionen koma inn i tempelet. Det blir òg venta at ein viser ein viss respekt for guddommen.

Kjende tempel[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Tempel

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]