Tempelfjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Tempelfjorden ligg inst i IsfjordenSpitsbergen i øygruppa Svalbard. Han er den inste delen av Sassenfjorden og går av frå denne mot nordaust og er rundt 15 km lang. Der fjorden skiftar namn ligg fjellformasjonen Tempelet. Inst i fjorden finst det forekomster av gips og anhydritt.

Tempelfjorden har den beste ankerplassen i området.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

  • Den norske los, vol. 7, 2 utg. (Stavanger: Norges sjøkartverk og Norsk polarinstitutt, 1990).
  • Store norske leksikon: Isfjorden