Berlin lufthamn, Tempelhof

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
For andre lufthamner i Berlin med namnet Berlin lufthamn, sjå Berlin lufthamn.
Berlin lufthamn, Tempelhof.
Foto: Matthias Wagner

Berlin lufthamn, Tempelhof (offisielt Flughafen Berlin-Tempelhof) er ei berømt lufthamn i Berlin.

Flyplassen ligg med sine 284 000 kvm midt i Berlin, innanfor både undergrunnsbanenettet og Sbaneringen som går rundt bykjerna. I 1923 vart dei første to flyhallane bygde her, og med 100 avgangar og ankomstar det første året vart trafikken rekna som sterk, og ei utviding vart planlagd. I 1934 utvikla arkitekten Ernst Sagebiel ein plan som villle gjere Tempelhof i stand til kvart år å kunne handtera 6 millionar passasjerar – mot 200 000 som var tilfelle i 1934. Då denne utbygginga stod ferdig var Tempelhof flyplass den største bygningen i verda målt i flateareal, og framleis i dag (juni 2007) er han ein av dei tre største saman med Pentagon i Washington D.C. og Parlamentspalasset i Bucureşti.

Radarantenna ved Tempelhof var under den kalde krigen det austlegaste flyovervåkningsapparatet USA hadde.

Sommaren 1975 vart sivilflytrafikken ved Tempelhof flytta til den nye flyplassen Tegel utanfor bykjerna, men flyplassen vart opna att i 1985 for firmareising og små fly. Den relativt korte rullebanen begrenser storleiken på flytrafikken frå Tempelhof, og i dag vert flyplassen mest brukt til innanriks flyfart.

På grunn av økonomi ville Senatet i Berlin stenge flyplassen, noko dei ulike flyselskapa gjennom ankesaker greidde å utsetje til 2008. Då tråde Bescheid zum Widerruf der Betriebserlaubnis für den Flughafen Tempelhof[1] i kraft, noko overforvaltningsdomstolen for Berlin-Brandenburg hadde godkjend. Motstanden mot dette var likevel stor i Berlin, og meir enn 29 000 underskrifter vart overlevert til Senatet.

Den britiske arkitekten Sir Norman Foster har ved fleire høve uttalt seg særs positivt om Tempelhof, og har kalla flyplassen «die Mutter aller Flughäfen» – «alle flyplassar si mor».

Kjelder:[endre | endre wikiteksten]

Aksjon for å behalde Tempelhof som flyplass (på tysk)
Om planar og idéar for Tempelhof flyplass på den offisielle berlin-nettsida (på tysk)

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Weiterer Verhandlungstermin zum Flughafen Tempelhof Pressemelding frå 12. jan 2007 om fastsetjing av dato for stenging av flyplassen