Tempera

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Temperamåleri av familien til den romerske keisaren Septimius Severus, frå rundt år 200.

Tempera er måling med emulsjonar som bindemiddel. Emulsjonar er blandingar av stoff som ikkje løyser seg i kvarandre, så som vatn og olje. Ordet tempera kjem frå latin temperare, som tyder 'blande i rett forhold'.

Tempera på panel av Hans Holbein den yngre frå 1542.

Temperamåling er brukt i måleri frå antikkens Hellas og i ikon frå Bysants. Den eldste temperamåinga er eggtemperaen, ein mager tempera utan tilsett olje. Frå 1400-talet vart det vanleg å tilsetje linolje i eggtemperaen. Eggeplommen virka da som en emulgator som hjelpte til å blande vatn og olje.

Ulike temperablandingar[endre | endre wikiteksten]

Emulsjonane kan blandast på ymse vis, til dømes med

Linolje er vanlegast, men andre planteoljer kan og verte bruka.

Eggeplomme er eit vanleg limstoff i tempera, men kasein og limstoff framstilt av kjøtt- eller fiskeprodukt vert òg bruka.

Temperaen vert farga med naturlege pigment.

Bruk av temperamåling[endre | endre wikiteksten]

Tempera tørkast i to fasar: Først fordampar vatnet, sidan tørkast olja. Målinga vert sterkare etterkvart som målinga herdast, og ho kan bli svært slitesterk. Det er vanskeleg å blande fargane rett, men når biletet er måla, får dei ein matt glans og held lenge på fargen.

Ein stor fordel ved temperamåling er at ho er vassbasert, slik at målaren unngår skadelege løysemiddel. Men målinga er ikkje så fleksibel som rein oljemåling.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Pontus Tunander (1996): Dekorativ målning

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Tempera