Temperert klima

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Riss av dei tempererte delane av verda.
██ Kaldt temperert (borealt) klima ██ Varmt temperert klima

Temperert klima er ei klimasone ein grovt sett finn mellom tropane og polarsirklane. Klimasona utgjer gruppe C i Köppen si klimaklassifisering. Område med temperert klima har sjeldan brå overgangar mellom sommar og vinter, og er derfor kjenneteikna av fire årstider. Klimaet har òg gjerne ustabilt vêr, med sol ein dag og regn den neste. Det ustabile vêret har ein både om sommaren og vinteren.

Den nordlege tempererte sona strekkjer seg frå Krepsen sin vendekrins rundt 23,5ºN til polarsirkelen på 66,5ºN, medan den sørlege tempererte sona strekkjer seg frå Steinbukken sin vendekrins rundt 23,5ºS til den sørlege polarsirkelen ved 66,5ºS.

Dette klimaet har ein middeltemperatur over 10 °C i dei varmaste månadene, og i dei kaldaste månadane ein middeltemperatur mellom −3 °C og 18 °C. Innanfor desse grensene har ein fleire klimatiske undertypar, som i hovudsak vert plassert i to kategoriar: Kontinentalklima og maritimt klima.

Det maritime klimaet er påverka av havet, som fører til forholdsvis små temperaturendringar gjennom året. I dei tempererte sonene er vinden hovudsakleg vestleg, slik at dei vestlege område av kontinenta stort sett har maritimt klima. Slike område inkluderer Vest-Europa og vestlege delar av Nord-Amerika.

Det kontinentale klimaet finn ein vanlegvis i indre område med varmare somrar og kaldare vintrar. Avstanden til havet er den største årsaka til dette. I Nord-Amerika fungerer Rocky Mountains som ein stor mur som hindrar den maritime luft frå vest å kome inn over kontinentet. I Europa har ein ikkje tilsvarande fjellrekkjer, og den maritime lufta kan trenge lenger inn på kontinentet.

Ideen om ei temperert sone vart først lagt fram av grekaren Aristoteles. Han sa at jorda var delt inn i tre forskjellige klimasoner, basert på avstanden frå ekvator. Sjølv om dette var ei svært enkel inndeling, var ideen rett.

Klimasoner i Köppen si klimaklassifisering
Gruppe A: TropiskRegnskog (Af) - Monsun (Am) - Savanne (Aw, As)
Gruppe B: TørtØrkenklima(BW) - Steppe (BSh, BSk)
Gruppe C: TemperertFuktig subtropisk (Cfa, Cwa) - Maritimt (Cfb, Cwb, Cfc) - Middelhavsklima (Csa, Csb)
Gruppe D: KontinentaltFuktig kontinentalt (Dfa, Dwa, Dfb, Dwb) - Subarktisk (Dfc, Dwc, Dfd)
Gruppe E: ArktiskTundra (ET) - Permafrost (EF) - Alpint (ETH)