Temrjuk

Koordinatar: 45°16′00″N 37°23′00″E / 45.26667°N 37.38333°E / 45.26667; 37.38333
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Temrjuk
Темрюк
Horisonten til
Horisonten til
Flagget til Temrjuk Byåpenet til Temrjuk
Flagget til Temrjuk Byvåpenet til Temrjuk


Plassering
Temrjuk is located in Russland
Temrjuk is located in Krasnodar kraj
Styresmakter
Land Russland
Føderasjonssubjekt Krasnodar kraj
Grunnlagd
Bystatus
1556
1860
Geografi
Innbyggjarar
 - Totalt (2008)

36 189
Koordinatar 45°16′00″N 37°23′00″E / 45.26667°N 37.38333°E / 45.26667; 37.38333
Diverse annan informasjon
Retningsnummer (tlf) +7 86148

Temrjuk (russisk Темрю́к) er ein by i Krasnodar kraj i Russland med om lag 35 000 innbyggjarar. Han ligg rundt 130 km vest for Krasnodar.

Byen ligg ved elva Kuban, rundt 8 km frå munningen i Azovhavet, på Tamanhalvøya mellom Svartehavet og Azovhavet, der òg hamna til byen ligg.

Kyrkje i Temrjuk

Den første busetnaden på staden var Tatar-festninga Tumnev, som vart nemnt på 1300-talet, då han vart gjeve til handelsmenn frå Genova. Han vart kalla Copa til han vart okkupert av Krim-khanatet i 1483.

Russarane, alliert med den lokal potentaten Temrjuk av Kabarda, erobra Tumnev og bygde festninga Nye Temrjuk på staden. Krimtatarane tok tilbake fortet i 1570 og det neste hundreåret vart han kalla Adis. På 1700-talet vart området busett av kosakkar og deira stanitsa fekk bystatus under namnet Temrjuk i 1860.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]


Spire Denne geografiartikkelen som har med Russland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.