Ten Years Gone

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ten Years Gone
Song av Led Zeppelin
frå albumet Physical Graffiti
Utgjeve 24. februar 1975
Innspelt 1974
Sjanger Rock
Lengd 6:33
Selskap Swan Song
Låtskrivar(ar) Page/Plant

«Ten Years Gone» er ein song av det engelske rockebandet Led Zeppelin frå albumet Physical Graffiti, frå 1975.

Oversyn[endre | endre wikiteksten]

Han var opphavleg meint som eit instrumentalt stykke, og Jimmy Page nytta 14 gitarspor for å overdubbe harmonidelen.[1] Robert Plant skreiv seinare ein tekst, som er tileigna ein tidlegare kjæraste, som ti år tidlegare hadde gjeve han valet mellom ho og musikken hans.

Plant omtalte den intrikate oppbygginga av songen:

« Jimmy er mannen bak musikken. Han går heim og arbeidet mykje med dette og så kjem han attende til bandet med ei grov skisse. Sakte kjem dei andre med sine personlege bidrag. Ein ny blom veks liksom ut av det. «Ten Years Gone» var nøye sett saman frå seksjonar han hadde skrive.[2] »

Somme har spekulert i om songen er ein variant av songen «Swan Song», som bandet aldri gav ut. Dei nytta dette namnet på plateselskapet dei starta.[1]

Dette er ein av få Led Zeppelin-songar der ein kan høyre pipinga frå trommepedalen til John Bonham i studio.

Bandet spela songen på konsertar i 1977. John Paul Jones spela opphavleg melodien på ein akustisk gitar men introduserte så ein uvanleg trippelhalsa gitar med ein 6-strengs, ein 12-strengs ein mandolin og basspedalar.[1]

Page and Plant spela songen på den japanske turneen deira i 1996. Jimmy Page framførte òg songen på turneen sin med The Black Crowes i 1999. Ein versjon frå turneen finst på Live at the Greek.

Plateprodusent Rick Rubin har omtalt oppbygginga av songen: «Eit djupt, tankefullt stykke med hypnotiske riff som er fletta saman. Lys og mørk, skugge og glans. Det er lydar som om naturen kjem ut av høgtalarane.»[3]

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Dave Lewis (1994), The Complete Guide to the Music of Led Zeppelin, Omnibus Press, ISBN 0-7119-3528-9.
  2. Liner notes for the Led Zeppelin Led Zeppelin boxed.
  3. The Playlist Special: Fifty Artists Pick Their Personal Top 10s. Rolling Stone. Henta 26. mars 2011.