Tenn lys

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Tenn lys!
Eit lys skal brenne
for denne vesle jord,
den blanke himmelstjerna
der barn og blomar gror.

Frå første verset av «Tenn lys» (Eyvind Skeie)

«Tenn lys» er ein adventsong skriven av presten Eyvind Skeie i 1988. Songen vert sungen til ein melodi av Sigvald Tveit. Songen vart opphavleg skriven til NRK sitt barne-TV-program «Portveien 2», som gjekk i adventa 1988.

Bokmålsversjonen står som nr 2 i Salmer 1997. Eyvind Skeie omsette sjølv songen til nynorsk i 2008.

Songen er bygd opp slik at det første verset vert sunge første søndag i advent, når det første lyset i adventskransen vert tent, det første og andre verset andre søndag i advent, når to lys vert tende o.s.v. Det første lyset vert tent for jorda, det andre for kjærleik og tru, det tredje «for alle som må slåst for rettferd og for fridom», det fjerde «for himmelkongen».

Kjelder[endre | endre wikiteksten]