Tenochtitlán

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Mexico sitt riksvåpen med ørna på kaktusen

Tenochtitlán var ein aztekisk by, grunnlagd 13. mars 1325. Etter aztekiske legender skulle den lange vandringa deira frå urheimen Aztlán avsluttast når dei fann ei ørn som åt ein slange på ein kaktus. Dette såg dei på ei øy i Texcocosjøen, og dette vart teke som eit teikn på at ein hadde kome fram. Denne scenen kan ein finne att i Mexico sitt flagg.

Frå ei sped byrjing utvikla byen seg raskt på grunn av chinampa-jordbruket. Chinampa var kunstige øyar som det vart dyrka grønsaker på, og byen voks utover i sjøen. Etter kvart kontrollerte òg aztekarane store delar av Mesoamerika, og byen vart viktigare.

Utover på 1400-talet utvikla Tenochtitlan seg til å verte den største byen i Amerika, og ein meiner det i 1519 budde mellom 200 000 og 300 000 i byen, på storleik med dei største byane i Europa på denne tida. Store dikeanlegg verna byen mot flaum i sjøen, og moloar knytte byen til fastlandet i nordvest, vest og sør. Marknaden låg i bydelen Tlatelolco, som tidlegare hadde vore ein eigen by, men som voks saman med Tenochtitlán. Templo Mayor, den store tempelpyramiden, stod midt i Tenochtitlán.

Byen vart angripen av spanske troppar under Hernán Cortés og deira allierte frå ulike undertrykte nasjonar i april 1521, og i august 1521 enda kampane i bydelen Tlatelolco. Då låg heile byen i ruinar.

Byen heiter no Mexico by, og er Mexico sin hovudstad.