Tenor
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Songrøyster | |
| Kvinnerøyster | Mannsrøyster |
|---|---|
Sopran (S) |
Tenor (T) |
Mezzosopran |
Baryton |
Alt (A) |
Bass (B) |
Tenor eller tenorrøysta er den lysaste mannsrøysta hos eit vaksent menneske. Rekkevidda går vanlegvis frå c til a1, men det er ikkje uvanleg at solistar syng opp til c2. I enkelte tilfelle skil ein mellom fyrstetenor (lysare) og andretenor (mørkare), spesielt i korsamanheng. Ordet kjem av tenore, som betyr å halde, noko som kom av at stemmen opphavleg blei brukt til å halde melodistemmen.
Nokre kjende tenorar [endre]
- Mario del Monaco
- Franco Corelli
- Giuseppe di Stefano
- Jussi Björling
- Plácido Domingo
- Luciano Pavarotti
- Aksel Schiøtz
- Andrea Bocelli
- Freddie Mercury
Rekkjevidd [endre]
Denne illustrasjonen viser rekkjevidda til ein tenor på eit piano. Her er det berre markert frå d, medan ein vanlegvis reknar c som den djupaste tonen.