Teorbe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Teorbe

Teorbe (òg theorbe, italiensk tiorba, fransk théorbe, engelsk theorbo) er eit strengeinstrument av klimpretypen.

Namnet teorbe nyttast om fleire ulike bassluttar som har det til felles at dei er utstyrt med ein ekstra kasse for bass-strengane: liuto attiorbato, arciliuto, chitarrone, fransk théorbe des pieces, engelsk theorbo, erkelutt og barokklutt. Etymologien til namna er enno ikkje avklart.

Den nye musikken frå rundt 1600 (monodi, Giulio Caccini) kravde instrument med eit djupt bassregister til akkompagnering. Djupe tarmstrengar kan ein anten gjere lengre eller tjukkare, men særs tjukke tarmstrengar har dårleg klang så ein forlenga halsen til instrumenta og sette på ein ekstra kasse for strengar og stemmeskruar.

Eit anna kjenneteikn ved dei ulike teorbetypane er storleiken og det lange gripebrettet som kan variere mellom 76 og 98 cm. Ein kunne ikkje lage så lange tarmstrengar som samtidig skulle gje ein høg tone så ein stemte det første og delvis òg det andre strengeparet (kor) ein oktav ned (chitarrone, théorbe des pieces) slik at det tredje koret er høgast stemt.

Dei viktigaste teorbistane i Italia var Johann Hieronymus Kapsberger og Alessandro Piccinini. Så langt kjenner ein ikkje solomusikk for teorbe frå England, men William Lawes og andre brukte det i kammermusikk. I Frankrike vart teorben brukt til etter 1750 både i kammermusikk og i orkestermusikk (Nicolas Hotman, Robert dei Visée). I hofforkestra i Wien, Bayreuth og Berlin var det teorbistar til langt etter 1750 (Ernst Gottlieb Baron, Francesco Conti).

Solomusikk for teorbe vart notert både i lutt- og gitartabulatur.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]