Teramo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Terramo
Klokketårnet i Teramo.
Klokketårnet i Teramo.
Byvåpenet til Terramo
Byvåpenet til Terramo


Plassering
Teramo is located in Italia
Styresmakter
Land
Region
Provins
Italia Italia
Abruzzo
Teramo
Borgarmeister Gianni Chiodi
Geografi
Flatevidd
 - By

151 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2005)
   - folketettleik

52 695
  317/km²
Koordinatar 42°39′″N 13°47′″EKoordinatar: 42°39′″N 13°47′″E
Høgd over havet 265 m
Diverse annan informasjon
Postnummer 64100
Telefon-retningsnummer 0861
Nettstad: www.comune.chieti.it

Teramo er ein by sentralt i Italia. Han er hovudstad i provinsen Teramo i regionen Abruzzo og har om lag 52 000 innbyggjarar (2005). Byen blei grunnlagd av romarane under namnet Interamnia, som tyder «mellom elvane», ettersom han ligg mellom elvane Vezzola og Tordino. Dette latinske namnet blir framleis nytta i visse samanhengar, som i namnet på Coppa Interamnia, den årlege internasjonale handballtevlinga for ungdom, og som nemning for asteroiden 704 Interamnia.

I lang tid var byen ein grensby mellom kongedømet Begge Siciliar og Kyrkjestaten, og sidan det var vanskeleg med kommunikasjon med andre delar av Italia, var han isolert i lange tider. Gran Sasso-tunnellen har nyleg gjort Teramo langt meir tilgjengeleg.

Økonomien til byen er hovudsakleg basert på jordbruk og handel, i tillegg til industri som tekstil, mat, teknikk, byggmateriale og keramikk.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Interamna vart grunnlagd av praetutiarar (som i følgje gamle segner var knytt til fønikiarar, medan forskarar i dag meiner dei var i slekt med ei anna nærliggande italisk stamme kalla Piceni) som hovudstaden deira. Han vart erobra av konsul Manius Curius Dentatus i 290 fvt. og omgjort til ein Municipium. Under forbundsfellekrigen (91-88 fvt.) tok dei Sulla si side, som tok bort kommunestatusen deira. Denne vart seinare gjenoppretta av Julius Cæsar.

Byen kom raskt i nedgang etter Vestromarriket sitt fal og vart så styrt under gotarar og austromarar, før det vart ein del av det lombardiske Hertugdømet Spoleto. I 1156 vart byen sett i brann av den normanniske greven Robert av Loretello og så bygd opp igjen med hjelpå av biskop Guido II. På 1300- og 1400-talet leid byen av striden mellom lokale familiar som til slutt enda med at dei hamna inn under Aragon. Litt seinare vart byen ein del av Kongedømet Napoli, der han vart hovudstad i provinsen Abruzzo Ulteriore fram til han vart annektert av Italia i 1860.

Under den andre verdskrigen gjorde innbyggjarane opprør mot den tyske okkupasjonen. Dette førte til at Teramo vart gjeve gullmedaljen for sivilt mot av Carlo Azeglio Ciampi den 15. september 2005. Byen vart frigjort frå nazistane og fascistane av Salò 14. juni 1944.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]