Terje Søviknes

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Terje Søviknes

Terje Søviknes
Foto: FrPMedia
Fødd28. februar 1969 (55 år)
Os
Statsborgar avNoreg
PartiFramstegspartiet
Yrkepolitikar, ingeniør
Utdanna vedHøgskolen i Bergen
Norges handelshøyskole
VervNorske olje- og energiminister 20. desember 2016– 30. august 2018
FøregangarTord Lien
VervOrdførarar i Os oktober 1999–desember 2016
FøregangarGeirmund Dyrdal
EtterfylgjarMarie Lunde Bruarøy
Verv2. nestleiar i Framstegspartiet mai 1999–januar 2001
FøregangarVidar Kleppe
EtterfylgjarJohn Alvheim
Alle verv
  • vararepresentant til Stortinget (1997–2001)
  • Norsk olje- og energiminister (2016–2018)
  • ordførar i Os i Hordaland (1999–2016)
  • Norges eldre- og folkehelseminister (2019–2020)
  • ordførar i Os i Hordaland (2018–2019)
  • ordførar i Bjørnafjorden (2023–) Sjå dette på Wikidata

Terje Søviknes (fødd 28. februar 1969) er ein norsk politikar frå Framstegspartiet. Han var olje- og energiminister i regjeringa Solberg frå 20. desember 2016 til 30. august 2018.[1][2]

Han var ordførar i Os kommune i Hordaland frå 1999 til 2016. Søviknes er også gruppeleiar for Framstegspartiet i Hordaland fylkesting, og vart i 2005 utnemnd som formann i Frps kommunalpolitiske utval. Han var 2. nestleiar i partiet 1999–2001, og vidare 2. nestleiar frå 2019.

Liv og virke[endre | endre wikiteksten]

Terje Søviknes kjem frå Søvikneset i Lysefjorden i Os kommune. Han er utdanna sivilingeniør.

Terje Søviknes vart ordførar i Os i 1999, og vart med det den første Frp-ordføraren i landet. Os kommune vart då omtalt som Framstegspartiet sitt «utstillingsvindauge» og Søviknes' popularitet og politikk gav han tilnamnet «Trollmannen frå Os» i mange aviser.

Terje Søviknes var frå 1999 til 2001 nestformann i Framstegspartiet saman med Siv Jensen og var ein profilert rikspolitikar. Han vart i denne perioden ofte omtalt som dåverande partiformann Carl I. Hagens naturlege etterfølgjar.[3] Han trekte seg frå alle rikspolitiske verv i januar 2001 etter at det vart kjend at han hadde hatt seksuell omgang med ei 16-årig jente på ein fest i Langesund etter eit landsmøte i Framstegspartiets Ungdom. Siv Jensen og partileiinga vedgjekk seinare at dei kjende til saka då Søviknes vart nominert på førsteplass på Hordaland Frps liste til stortingsvalet 2001. Søviknes heldt fram som ordførar, men var ikkje innblanda i rikspolitikken før hausten 2002 då han var innleiar på partiets landskonferanse. Frå 2003 har han vore til stades på landsmøta. Siv Jensen uttrykte at ho ønskjer Terje Søviknes tilbake i rikspolitikken.[4]

Ved kommunevalet i 2003 gjekk FrP si oppslutning i Os frå 36,6 til 45,7 prosent – ein framgang på nær ti prosentpoeng i forhold til valet i 1999. Os vart òg den kommunen i Noreg der partiet hadde størst tilslutning. I valet i 2007 oppnådde partiet 44,8 prosent i Os.[5]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Karen Tjernshaugen, Solveig Ruud og Tarjei Kramviken (20. desember 2016). «Erna Solberg presenterte tre nye statsråder på Slottsplassen». Aftenposten. Henta 3. juni 2017. 
  2. NTB (30. august 2018). «Olje- og energiminister Terje Søviknes går ut av regjeringen». Document.no. Henta 30. august 2018. 
  3. Kristian Skard (17. september 2010). «Min epoke går mot slutten». Dagbladet. Henta 3. juni 2017. 
  4. Margunn Ueland (9. oktober 2006). «Søviknes vurderer comeback». Aftenbladet. Arkivert frå originalen 12. august 2011. Henta 3. juni 2017. 
  5. «Resultater for Os i Hordaland - Kommunestyrevalget». Regjeringa. 11. september 2007. Arkivert frå originalen 6. januar 2008. Henta 3. juni 2017. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Terje Søviknes