Terje Langli

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Terje Langli
Statsborgarskap Noreg
Fødd 3. februar 1965 (59 år)
Steinkjer kommune
Idrett langrenn
Tok del i

Vinter-OL 1992, Ski-VM 1987, Ski-VM 1989, Ski-VM 1991, Ski-VM 1993, Ski-VM 1995

Utmerkingar

Olavstatuetten

Terje Bjarte Langli, (fødd 3. februar 1965), er ein norsk tidlegare langrennar. Han vart verdsmeister i 10 kilometer i klassisk stil under VM 1991 i Val di Fiemme. Året etter vann han bronsemedaljen på 30 kilometer under OL 1992 i Albertville. Under dei same olympiske leikane vart han olympiameister i 4x10 km stafett, året etter vart han verdsmeister i same øvinga. Han vart noregsmeister ein gong, i 1987 på 15 km på heimearenaen. Langli er frå Henning i Steinkjer og tevla for Henning IL.

Medaljar og besteplasseringar i internasjonale meisterskap og renn[endre | endre wikiteksten]

  • 1985: Nr 1 på 15 km i Lahti (ikkje verdscup).
  • 1986: Nr 11 på 30 km i La Bresse.
  • 1987: Nr 6 på 30 km og bronsemedalje i 4x10 km stafett i VM i Oberstdorf.
  • 1988: Nr 12 på 30 km under OL i Calgary.
  • 1989: Nr 5 på 30 km i Nove Mesto.
  • 1990: Vinnar av 30 km i Örnsköldsvik.
  • 1991: Verdsmeister på 10 km i Val di Fiemme.
  • 1992: VM-bronse på 30 km i Albertville. Nr 3 på 10 km i Silver Star.
  • 1993: Nr 5 på 25 km jaktstart, nr 7 på 10 km og nr 6 på 30 km, alle renna under VM i Falun.
  • 1993/4: Nr 26 på 30 km i Santa Caterina.
  • 1994/5: Nr 15 på 15 km i Tauplitzalm.
  • 1996: Nr 26 på 50 km i Holmenkollen.

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap[endre | endre wikiteksten]

Idrettsrelatert arbeid[endre | endre wikiteksten]

Langli var fagsjef for langrenn i Norges Skiforbund 2000/01. Perioden 2004-06 var han sjef for smørjeteamet til det norske langrennslandslaget. Han er i dag seljar av skiutstyr hos firmaet Elbe Normark AS.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]