Terje Lien Aasland
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Terje Lien-Aasland (fødd 15. februar 1965 i Skien) er ein norsk politikar frå Arbeidarpartiet. Han vart valt inn på Stortinget frå Telemark i 2005 og valt på nytt ved stortingsvalet 2009.
Lien har bakgrunn som energimontør og tillitsvalt i fagrørsla. Frå 1982 til 1994 var Aasland lærling og seinare energimontør ved Skiensfjordens Kommunale Kraftselskap. Han er distriktssekretær i LO i Telemark, og var dessutan medlem av kommunestyret i Skien frå 1991 til 2003. Han var medlem av sentralstyret i Arbeidarpartiet 1998-2000.
Stortingskomitear [endre]
- 2009–2013 leder av Næringskomiteen.
- 2005–2009 medlem i Energi- og miljøkomiteen.
- 2005–2009 medlem i Valkomiteen.