Terje Vigen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

«Terje Vigen» er eit episk dikt som byggjer på soger frå Sørlandet under Napoleonskrigane og kornblokaden frå 1808 til 1811. Diktet skildrar den personlege tragedia til Terje Vigen og korleis han endeleg finn fred. «Terje Vigen» vart skrive av Henrik Ibsen i 1861, og utgjeve i samlinga Digte frå 1871.

Handlinga i diktet[endre | endre wikiteksten]

«Barnet han greb og svinged det frit,
med den venstre om ladyens liv.
"Tilbage, mylord! Et eneste skridt, –
og det koster dig barn og viv!"
På sprang stod Britten til kamp påny;
men armen var veg og mat; –
hans ånde brændte, hans øjne var sky,
og hans hår – så kendtes ved første gry –
blev gråt i den eneste nat.

Men Terjes pande bar klarhet og fred,
hans bringe gik frit og stilt.
Ærbødig løfted han barnet ned,
og kyssed dets hender mildt.
Han ånded, som løst fra et fængsels hvælv,
hans stemme lød rolig og jevn:
"Nu er Terje Vigen igen sig selv.
Indtil nu gik mit blod som en stenet elv;

for jeg måtte – jeg måtte ha'e hævn!»

Tittelpersonen i diktet ror over havet til Danmark for å få tak i mat til familien sin. På veg attende frå Danmark vert Terje Vigen plukka opp av eit patruljerande engelsk krigsskip. Dei held han fanga i fleire år. Når han kjem heim, får han vita at kona og jentungen er døde. Eit dramatisk høgdepunkt i diktet er når Terje, som los, får makt over den engelske kommandanten og familien hans. Terje får høve til å ta hemn, og gjengjelda vondt med vondt, men vel å ikkje gjera det.

Historisk bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

På denne tida var Danmark-Noreg i krig med mellom anna Storbritannia. Britane hadde innførd handelsblokade, og slik avskore vanleg kontakt mellom Noreg og Danmark. Noreg var avhengig av import av korn frå utlandet, sidan det ikkje vart dyrka nok innanlands. Det vart hungersnaud i Noreg.

Losen Svend Hanssen Haaø fra Haaø (Håøya) ytst i Grimstad-skjærgården er blitt peika ut som rollemodell for diktet. Haaø var los, han rodde fleire gonger til Danmark etter livsviktig korn i åra 1807-14, og blei tatt til fange av engelskmennene heile fire gonger, medan fleire av mannskapet hans blei send til «prisonen» i England, slik det er skildra i diktet. I tillegg er det godt dokumentert at Svend Hanssen Haaø og Henrik Ibsen blei gode vennar. Dei besøkte kvarandre fleire gonger både heime hjå Svend Hanssen på Haaø og i Ibsens vaktstue på Grimstad apotek, der Ibsen måla et oljemåleri, «Losen fra Haaø», av sin gode venn.

I "Afskrift af Bog for mine Børn om mit Levnetsløb og mine Erindringer" ,Mathias Gundersen, finn vi følgjande:

”H. Ibsen var som Lærling hos Apotheker Lars Nielsen i nogle Aar omkring 1850. I de sidste Aar var jeg meget fraværende, saa jeg havde mindre kjendskab til ham end mangen andre; men det var en bekjendt Sag at hans Principal ikke forskaffede ham nogen Fammiliehygge, men holdt ham i stadigt Arbeide. Foruden disse Aarsager til at blive forlidet bemærket, var han af en stilfærdig Karakter. Der var ikke mange af hans Jevnaldrende i den lille Byen, saa jeg ved ikke andre Saadanne af hans Omgangsvenner end Ole Schuleruds, Gunder Holst, Jacob Holst og Christopher Due. At han havde stor Interesse for Lotserne og Fiskerne, det kunde Svend Haaøen forklare; thi ham denne meget bekjendte, flinke og djærve Lots, med sit veirbidte Udseende, var i stor Yndest hos ham, som Fortæller om Krigsbegivenheder og Søvæsenet. Og det skal være af ham som Ibsen fik Ideen om at skrive sit de[i]lige og mageløse Digt Terje Wiken, som har gjort vort lille Sted og Omegn saa bemærket. Et lidet Portrait i Olje, som Ibsen malede paa Pap af den gamle Søulk, fandt vi Alle at ligne godt. Det stod bestandig paa Reolen i Apotheket hos Lars Nielsen og er nu hos hans Efterfølger Apotheker Arntzen.”

«Terje Vigen» i andre medium[endre | endre wikiteksten]

Christian Krohg har laga kjende illustrasjonar til diktet.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]