Terje Wibe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Terje Wibe
Statsborgarskap Noreg
Fødd 6. oktober 1947 (76 år)
Idrett sjakk
Tok del i

Sjakk-OL 1966, Sjakk-OL 1968, Sjakk-OL 1970, Sjakk-OL 1972, Sjakk-OL 1978

Terje Paul Wibe (fødd 6. oktober 1947 i Oslo) er ein norsk sjakkspelar. Han vart Noregsmeister i sjakk i 1971 etter stikkamp mot Svein Johannessen, som han vann 4,5-3,5[1][2].

Terje Wibe vart utnemnd til Internasjonal Meister i sjakk (IM) av Verdssjakkforbundet FIDE i 1977, som den femte frå Noreg med denne tittelen[3]. Han kvalifiserte seg til tittelen ved fine resultat i dei to internasjonale turneringane Astoria Chess International 1976 og 1977 på Hamar, og deretter med ein tredjeplass i Gausdal Chess International 1977[4].

Terje Wibe lærte å flytte sjakkbrikkene heime som 7-8-åring, og kom deretter med i skulesjakk i Oslo. Han vart sidan Oslomeister i juniorklassa, og i 1965 vart han junior-Noregsmeister[5].

Terje Wibe deltok på det norske landslaget i sjakk-OL (VM for landslag) i 1966, 1968, 1970 og 1972. I 1966 måtte han vinne mot Stormeister Rossolimo, USA for at Noreg skulle gå til A-finalen med dei 16 beste laga. Dette klarte han også, eit "sprudlande kongeangrep slo gjennom"[6]. Terje Wibe tok 4,5 av 10 på 6. bord i 1966, 8,5 av 14 på 5. bord i 1968, 8,5 av 15 på 4. bord i 1970 og 7 av 15 på 2. bord i 1972[7][8].

Terje Wibe har også spelt postsjakk, og i 1982 kvalifiserte han seg til tittelen Internasjonal Meister i fjernsjakk, og i 1994 til tittelen Internasjonal Stormeister i fjernsjakk.[9]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Brekke s. 105
  2. Norsk sjakkblad nr 5, 1977 s. 6
  3. Brekke s. 95
  4. Norsk Sjakkblad nr 5, 1977 s. 3-7
  5. Brekke s. 104
  6. Norsk Sjakkblad nr. 5, 1977 s. 6
  7. olimpbase
  8. Brekke s.113
  9. ICCF liste over Stormeistrar i fjernsjakk vitja 13. april 2009