Termalvind

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Termalvindlikninga)

Termalvind er skilnaden i vind mellom to trykknivå, og er eigentleg ikkje ein vind i seg sjølv. Den er berre gjeldande i ein atmosfære med horisontale temperaturgradientar, t.d. ein baroklin atmosfære. I ein barotrop atmosfære er den geostrofiske vinden uavhengig av høgda. Namnet kjem av at denne vinden bles rundt område med låg (og høg) temperatur på liknande måte som den geostrofiske vinden bles rundt lågtrykk og høgtrykk. Ein kan òg seie at termalvinden alltid bles med varmlufta til høgre for fartsretninga.

Termalvindlikninga er

,

der er geopotensiell høgd med , er coriolisparameteren og er ein oppoverretta einingsvektor i vertikal retning. Termalvindlikninga gjeld ikkje i tropiske strøk. Sidan f er svært liten der blir likninga redusert til

Døme på termalvind[endre | endre wikiteksten]

VA er vinden i lågare nivå, medan VB er vinden i eit nivå over. VT er då termalvinden som alltid har same retning som dreiinga med høgda. I tillegg bles alltid termalvinden med varm luft til høgre for seg.

Temperaturkontrastar mellom ekvator og pol: Aukande vestavind med høgda[endre | endre wikiteksten]

(Dette gjeld òg på sørlege halvkule, og fordi er negativ der får ein same resultat)

Polområda har låg temperatur medan områda nær ekvator har høg temperatur. Fordi termalvinden bles rundt område med låg temperatur på same måte som den geostrofiske vinden bles rundt eit lågtrykk (syklon), altså mot klokka på nordlege halvkule, er termalvinden på nordlege halvkule vestleg på midlare breidder. Ser ein på Nordpolen frå høgda vil ein sjå ein vestleg luftstraum som krinsar rundt jorda mot klokka.

Visst termalvinden er vestleg betyr det at den atmosfæriske straumen blir meir vestleg med høgda, sidan termalvinden skildrar vindendringa med høgda. Visst vindfarten er nær null i eit visst nivå vil ein derfor ha ein kraftig vestleg vind i høgare nivå. Dette skildrar i praksis jetstraumen, som er ein kraftig vestleg luftstraum med størst kraft nær tropopausen, og som i hovudsak oppstår som følgje av temperaturkontrastane mellom polområda og ekvator.

Adveksjon av varm eller kald luft: Dreiing av den geostrofiske vinden med høgda[endre | endre wikiteksten]

Visst den geostrofiske vinden endrar retning med høgda, kan ein ut i frå termalvinden avgjere om ein har adveksjon (transport) av varm eller kald luft. Visst den geostrofiske vinden dreiar mot høgre (med klokka) med høgda, som på figuren til høgre, har ein varmluftsadveksjon, fordi termalvinden alltid bles med varmluft til høgre. Visst vinden dreiar til venstre (mot klokka) med høgda har ein kaldluftsadveksjon.

Referansar[endre | endre wikiteksten]