Termoklin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Ein termoklin, metalimnion eller temperaturspringlag er eit lag i vatn eller luft, der temperaturen endrar seg raskt med djupet (eller høgda i luft).

Fordi vatn ikkje er heilt gjennomsiktig vert nesten all sollys absorbert i overflatelaget, som då vert oppvarma. Vind og bølgjer rører om vatnet i overflatelaget, og fordelar varmen meir eller mindre jamt i dette laget. Under dette blandingslaget, har ein derimot temperaturar som fell raskt — kanskje så mykje som 20 °C på 150 m. Dette området med store temperatuendringar over korte avstandar vert kalla termoklin.

Under termoklinen held temperaturen fram med å falle, men det skjer meir gradvis og seinare. I hava på Jorda er 90 % av all vatn under termoklinen. Dette djuphavet består av lag med lik tettleik, og er dårleg blanda med temperaturar som kan bli så låge som 0 til 3 °C. [1]

I det opne havet har teromoklinen vore viktig i ubåtkrig, fordi han kan reflektere sonarbølgjer.

Når ein dykker kan ein av og til sjå ein teromklin på eit par grader mellom to vassmassar, t.d. ei kaldare oppvelling eller straum som kjem inn i overflatelaget med varmare vatn. Det får vatnet til å sjå ut ujamt ut, liknande vindauge som ofte vert brukt for å gjere baderomsvindauge uklåre, og dette kjem av forskjellig brytingsindeks mellom dei to vassmassane. Dette er den same effekten som skapar luftspeilingar over varme jordoverflater.

Termoklinar har ein òg i forholdsvis grunne innsjøar. I kaldare klima fører dette til eit fenomen som vert kalla omvelting. Om sommaren vil det varme vatnet, som har lågare tettleik, ligge over det kaldare og tyngre vatnet som søkk mot botn. Mellom desse vassmassane ligg termoklinen. Fordi det varme vatnet vert varma opp av sola om dagen, er dette eit stabilt system, og det oppstår lite blanding av det varme og kalde vatnet. Dette fører blant anna til at det seint på sommare er lite oksygen under termoklinen, sidan dette vatnet aldri kjem opp til overflata. Når vinteren nærmar seg vil etter kvart temperaturen i overflatevatnet falle til han nærmar seg 4 °C, som er temperaturen då vatnet er tyngst. 4 °C er hovudsakleg temperaturen i vatnet under termoklinen, og når heile vassmengda i innsjøen er lik eller nær 4 °C får ein ei omvelting, der termoklinen forsvinn. All vatnet i innsjøen kan då blande seg med vatnet i overflatelaget. Denne prosessen vert tydelegare om ein har vind og andre prosessar som får vatnet til å røre på seg.

Når temperaturen held fram med å falle, på dei stadane der dette skjer, vert vatnet i overflata kaldt nok til å fryse, og det legg seg is oppå overflata. Det vert då danna ein ny termoklin, der det tyngste vatnet (4 °C) søkk mot botn, og det lettare (og kaldare) vatnet stig mot toppen. Denne lagdelinga har ein heilt til våren, då vatnet igjen vert varmt nok til at ein kan få ei ny omvelting.

Ein kan få bølgjer på termoklinen, blant anna på grunn av havstraumar som strøymer over undervassfjell.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Ekstren lenkje[endre | endre wikiteksten]