Termometer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Eit kvikksølvtermometer

Eit termometer er eit instrument for å måla temperaturen i eit stoff. Sjølve temperaturen kan ein ikkje avlese direkte på noko instrument, men ein nyttar andre eigenskapar som endrar seg med temperaturen, som lengd, volum, trykk, resistans, termoelektrisk spenning og magnetiske eigenskapar. Ein bygger termometeret slikk at det er endringar i ein av desse storleikane ein måler.

Galileo Galilei skal i 1592 ha laga det første termometeret. Det var ein liten behaldar med eit trongt glasrøyr i enden. Røyret vart sett ned i vatn, som så steig eit stykke opp i røyret. Når temperaturen i lufta inne i behaldaren varierte, varierte òg volumet av lufta, og dette kunne ein så lese av ved høgda av vassølya inne i røyret.

Ulike måleprinsipp[endre | endre wikiteksten]

  • Måling ved utviding av faste og flytande stoff:
    • Kvikksølvtermometer: Den enklaste typen av termometer er tynne glasrøyr med ei bobla nedst. I bobla er det kvikksølv. Når temperaturen går opp, utvidar kvikksølvet seg, og stig oppover røyret. Ein kan då lesa av temperaturen ved å måla kor langt opp kvikksølvet kjem. Denne typen av termometer har vore vanleg for hushaldningar å bruka til å måla utetemperatur og kroppstemperatur med. No er kvikksølv-termometera stort sett utkonkurrerte av elektroniske løysingar. Kvikksølvtermometer er forbodne i Noreg på grunn av dei farlege eigenskapane til kvikksølv.
    • Eit bimetalltermometer er to ulike metall som er valsa saman. Når dei vert varma opp, uvidar ikkje metalla seg like mykje, så bimetallet vil bøya seg. Dette kan ein lesa av på ein skala eller måla på andre måtar.
    • Fylte termometer:
  • Termoelement eller Termo-couple er to ulike metall som induserer ei spenning når dei vert kopla saman. Spenninga er avhengig av varme, så ein kan rekna ut temperaturen ut frå spenninga som vert indusert.
  • Motstandstermometer baserer seg på endringa ein får i den spesifikke motstanden når eit metall vert oppvarma. Ved å måla motstanden gjennom elementet, kan ein finna ut kor varmt elementet er.
    • Eit Pt100-element er eit motstandstermometer laga av platina. Bokstavane Pt står for platina. Talet 100 markerer at motstanden er 100 ohm ved 0 °C.
  • Måling ved hjelp av elektromagnetisk stråling:
  • Andre målemetodar:

Minimums- og maksimumstemperatur[endre | endre wikiteksten]

Eit minimumstermometer viser den lågaste temperaturen i løpet av ein viss periode. Det er ofte konstruert slik at ein stift vert ført med væskestrengen når temperaturen fell, men som vert liggande att når temperaturen stig. Termometeret er helst plassert eit stykke over bakken, og er skjerma mot nedbør og direkte stråling. Eit maksimumstermometer fungerer på same vis, men stiften vert då liggande att når temperaturen fell.

Temperaturvakt[endre | endre wikiteksten]

Ein termostat er ei temperaturvakt, eit instrument som gjev eit signal når temperaturen går over eller under fastsette grenser. Termostaten kan vera sett saman av eit temperaturelement og eit relé eller ein brytar eller ein brukar ein halvleiar-komponent og måler elektronisk. Termostatar er vanlege å bruka i svært mange apparat med varmeelement, som komfyrar, varmeomnar osb.

Temperaturvakter kan òg vera integrerte elektronisk i ein måleomformar, ein PLS e.l.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Bjørnar Larsen. Industriell måleteknikk for automatikarfaget. Noreg 1996: Vett & Viten AS. ISBN 82-412-0223-7