Ternopil

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ternopil
ukrainsk Тернопіль
by
Sentrum av Ternopil
våpen
Land  Ukraina
Oblast Ternopil oblast
Rajon Ternopil rajon
Koordinatar 49°34′N 25°36′E / 49.567°N 25.600°E / 49.567; 25.600
Areal 72 km²
Folketal 218 641  (2010)
Folketettleik 3 037 / km²
Borgarmeister Sergij Nadal
Tidssone CET (UTC+2)
 - Sommartid CEST (UTC+3)
Retningsnummer +380 352
Kart
Ternopil
49°34′00″N 25°36′00″E / 49.566666666667°N 25.6°E / 49.566666666667; 25.6
Wikimedia Commons: Ternopil

Ternopil (ukrainsk Тернопіль, polsk Tarnopol, tysk Tarnopol russisk Тернополь, Ternopol’) er ein by vest i Ukraina, ved breidda av elva Seret. Ternopil er ein av dei store byane i Vest-Ukraina og den historiske regionen Galizia. Ternopil lufthamn ligg ved byen.

Byen har kring 220 000 innbyggjarar (2010).

Byen er det administrative senteret i Ternopil oblast (provins), i tillegg til det kringliggande Ternopil rajon (distrikt) i oblastet.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Ternopilborga vart bygd opp att på 1800-talet som eit slott.

Byen vart grunnlagd i 1540 av Jan Amor Tarnowski som ei polsk borg. I 1544 vart Ternopilborga bygd og stod imot dei første åtaka til tatarane. I 1548 fekk Ternopil magdeburgrettar av kong Sigismund I av Polen. I 1567 gjekk byen til Ostrogskij-familien. I 1575 vart han plyndra av tatarar og i 1623 gjekk han til Zamojskijfamilien.

På 1600-talet vart byen nesten utsletta i Khmelnytskyj-oppstanden som dreiv ut eller tok livet av dei fleste jødane i byen. Ternopil vart nesten heilt øydelagd igjen av tyrkarane og tatarane i 1675 og bygd opp att av Aleksander Koniecpolski, men fekk ikkje attende den tidlegare stordomen sin før han gjekk til Marie Casimire, kona til kong Jan III Sobieski i 1690. Byen vart seinare plyndra for siste gong av tatarane i 1694 og to gonger av russrane i løpet av den store nordiske krigen i 1710 og under den polske arvefølgjekrigen i 1733. Byen vart plyndra tre gonger under Bar-sambandet (1768–1772), av sambandsfellane, av armeen til kongen og av russarane. I 1770 vart byen råka av ein kopperepidimi.

I 1772 kom byen under Austerrike etter den første delinga av Polen. I 1809 tok russarane over byen, som skapte Ternopol kraj der. I 1815 kom byen, som då hadde 11 000 innbyggjarar, attende til Austerrike etter Wienerkongressen.

Under første verdskrigen veksla byen mellom tysk-austeriske styrkar og Russland fleire gonger. I 1917 brende russrane ned byen då dei flykta. Etter oppløysinga av Austerrike-Ungarn vart byen ein del av Den vestukrainske folkerepublikken den 11. november 1918. Etter polske styrkar erobra Lviv under den polsk-ukrainske krigen, vart Ternopil hovudstad i landet (22. november til 30. desember 1918).[1] Den vestukrainske republikken og Den ukrainske folkerepublikken (UPR) vart slått saman. 15. juli 1919 vart byen erobra av polske styrkar på ny, før den raude armeen tok byen attende i august 1920 under den polsk-sovjetiske krigen. Byen tente så som hovudstad i Den galiziske sovjetiske sosialistrepublikken. Då krigen var over kom området inn under Polen.

Frå 1922 til september 1939 var Ternopil hovudstad i Tarnopol voivodskap. Ukrainanarane som budde i det polske området hadde avgrnsa fridom og vart straffa om dei motsette seg polonisering. I 1939 hadde byen 40 000 innbyggjarar der 50 % var polakkar, 40 % jødar og 10 % ukrainarar.

Under invasjonen av polen i 1939 annekterte Sovjetunionen Ternopil og la han til Den ukrainske sovjetiske sosialistrepublikken. Sovjetarane deporterte mange av polakkane i byen til Kasakhstan. I 1941 okkuperte tyskarane byen og utrydda jødane i byen. I april 1944 vart byen gjenerobra av den raude armeen. Sovjetarane kringsette då byen og store delar av han vart øydelagd. I mars 1944 vart byen erklært ein festningsstad av Adolf Hitler, og skulle forsvarast til siste skot. Den harde tyske motstanden førte til kraftig bombardement frå den raude armeen og det meste av byen vart øydelagd. Berre 55 tyskarar av 4500 overlevde.[2] Etter andre verdskrigen vart Ternopil bygd opp att i typisk sovjetisk stil. Berre få bygningar vart rekonstruert.

Sidan 1991 har høyrt til det sjølvstendige Ukraina.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Vêrdata for Ternopil
Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Gjennomsnittleg maks °C −2 −1 4 11 17 20 21 21 17 11 3 0 10
Døgnmiddeltemperatur °C −4 −3 1 7 13 16 17 17 13 7 1 −2 7
Gjennomsnittleg min °C −7 −6 −2 3 8 11 12 12 8 3 −1 −4 3
Gjennomsnittleg nedbør mm 30 30 30 40 60 80 90 70 50 40 30 30 580
Kjelde: Weatherbase.[3]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. (ukrainsk) Den vestukrainske folkerepublikken i "Dovidnyk z istoriï Ukraïny" (A hand-book on the History of Ukraine), 3-Volumes, Kyiv, 1993-1999, ISBN 5-7707-5190-8 (t. 1), ISBN 5-7707-8552-7 (t. 2), ISBN 966-504-237-8 (t. 3).
  2. Karl-Heinz Frieser (Ed.); Das Deutsche Reich und der Zweite Weltkrieg - Volume 8: Die Ostfront 1943/44 - Der Krieg im Osten und an den Nebenfronten; Deutsche Verlags-Anstalt München 2007; ISBN 978-3-421-06235-2
  3. Weatherbase:Historical Weather for Ternopil i Ukraina, Weatherbase. Accessed 28 June 2012.