Terra-skandalen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Terra-skandalen var ein skandale som vart offentleg kjend i november 2007 og involverte spekulative investeringar av åtte norske kommunar i forskjellige hedgefond i det USA-amerikanske aksjemarknaden.[1] Fonda var selde av Terra Securities til kommunane, mens produkta var levert av Citigroup. Dei involverte kommunane var Narvik, Rana, Hattfjelldal og Hemnes i Nordland, Vik og Bremanger i Sogn og Fjordane, Haugesund i Rogaland, og Kvinesdal i Vest-Agder. Dei er alle store vasskraftprodusentar.

Investeringa var komplisert og hadde ein stor investeringsrisiko gjennom lite potensiale for vekst og stort potensiale for tap. Terra Securities, no konkurs, var eit underbruk av Terra Markets, som var 66,73 % er eigd av Terra-Gruppen, ein allianse og merkevareselskap eigd av 78 sparebankar i Noreg. Dei siste 33,27 % eigde leiinga til selskapet. Citigroup er verdas største bank med base i USA.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

I 2001 fann Vik kommune eit smutthol i Kommunelovgjevinga og investerte lånte pengar på aksjemarknaden, ved å først investere og so søke om lov seinare. Denne bruken av smuttholet var bekrefta av kommunaldepartementet i 2002, av di dei lånte pengane var sikra i framtidig inntekt. Vik lånte 70 millionar norske kroner igjennom Den norske Bank basert på avbetalingar på 10 millionar, sikra igjennom inntekter frå vasskrafta. Desse pengane var så investert i aksjar bonds igjennom Terra Securities i 2001 og 2002.[2]

Same året, i 2001, lånte dei fire kommunane i Nordland pengar for å investere i kompliserte aksjar frå Citigroup og selde gjennom Terra Securities. Kommunane signerte ein konfidensialitetsklausus med Terra, som sikra at ingen uavhengig tredjepart kunne forsikre seg om kvaliteten på investeringane. Det har vore sett spørsmålsteikn ved om denne klaususen, under desse omstenda, kunne vere lovleg.

For Narvik kom delar av kapitalen ifrå 2002 og eit sal av 50 % av Narvik Energi, det kommunale kraftselskapet. Kjøparane var DONG Energy og HelgelandsKraft. Dei andre tre kommunane hadde eigarskap i HelgelandsKraft (Rana 26,8%, Hemnes 7,0 % og Hattfjelldal 2,5%) i tillegg til eigedomsskatt frå kraftstasjonar eigd av Statkraft. Desse kommunane investerte framtidige inntekter frå desse kjeldene.

Hovudrådgjevarane ifrå Terra var Knut Anders Opstad og Harald Norberg.[3] Sistnemnte har blitt bøtelagt av Økokrim tidleg på 90-talet for ulovleg sal av aksjar til private enkeltpersonar.[4] Dei prøvde å selje investeringspakkar til alle kommunar med kraftinntekter ved å kontakte Landssamanslutninga av Vasskraftkommunar, men vart bortvist av oranisasjonen.[5]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Mark Landler: "U.S. Credit Crisis Adds to Gloom in Arctic Norway" New York Times, December 2, 2007 (Retrieved on December 2, 2007)
  2. http://e24.no/boers-og-finans/article2112738.ece |Terra utnyttet smutthull E24 Næringsliv
  3. http://www.dn.no/forsiden/naringsliv/article1248366.ece |Terra-rådgiverne tjente grovt
  4. http://www.hegnar.no/bors/article236797.ece%7CFinansavisen: Terras superselger tidligere straffet
  5. http://www.dn.no/forsiden/politikkSamfunn/article1240264.ece |Ønsket å selge tapspapirer til alle